Etter ei helg med idyllisk, kaldt og stabilt vintervêr, startar veka med ein ny runde med snøfall.

– I dag ventar vi skiftande bris. Men på kysten vil det kunne komme opp i sørvestleg, periodevis liten kuling. Da blir det enkelte snøbyer, og det kjem mest nedbør på ytre strøk.

Det seier statsmeteorolog Matilda Hallerstig ved Meteorologisk institutt til Morrasendinga i Troms.

Dei har foreløpig ikkje sendt ut nokon farevarsel.

Men ho seier det kan bli snøfokk.

– Når vi får vind i kombinasjon med nysnø, så er det risiko for snøfokk lokale stadar, siger ho.

– Så ein må passe på om ein skal ut på køyretur?

– Ja, det er nok lurt. I alle fall dei stadane kor det bles mykje, seier Hallerstig.

Det er ikkje før utpå dagen at snøfokket vil melde seg.

Måndagen har nemleg starta iskaldt.

Din nettleser støtter ikke innbygging av eksternt innhold

– På Bardufoss blei det målt -26,7 grader minus i natt. Det blir framleis kaldt i dag, men framover ventar vi stigning i temperaturane. Det blir ikkje noko dramatisk mildvêr, men også i morgon stig temperaturen, seier statsmeteorologen.

Også tysdag vil snøfall og snøfokk prege vêrbildet.

Publisert

24.11.2025, kl. 08.36

Oppdatert

24.11.2025, kl. 08.43