– Det viktigaste for kona mi er at alle veit at ho ikkje har gjort noko kriminelt.

Det seier ektemannen Joshua Daguman til NRK.

I førre veke blei Hanne Bredal Engan (24) frå Valnesfjord i Fauske arrestert i San Diego.

Hanne Bredal Engen og Joshua Daguman

Joshua Daguman (49) og Hanne Bredal Engan (24) gifta seg i 2024 på stranda der dei møttest første gongen.

Foto: Privat

Bakgrunnen for arrestasjonen skal ifølge amerikanske medium vere at ho oppheldt seg i USA med utgått visum, og dermed brote lova.

NRK har tidlegare omtalt at den norske statsborgaren blei arrestert då ho møtte opp hos amerikanske utlendingsstyremakter for å formalisere opphaldsløyvet sitt.

Et skilt med teksten "PRIVATE PROPERTY NO TRESPASSING" står foran en innhegning med høy, piggtråd-mesh. Bak hegnet sees en stor bygning, muligens et lager eller fabrikk, med flere dører. Omgivelsene inneholder lav vegetasjon og en grusvei. Det er klart vær med noen skyer på himmelen.

Otay Mesa Detention Center ligg i San Diego, like ved grensa til Mexico.

Foto: Elliot Spagat / AP / NTB

I staden for eit godkjent visum blei ho pågripen av Immigration and Customs Enforcement (ICE) inne på kontoret, hevdar ektemannen hennar.

–Burde dykkar ikkje ha søkt om visa eller grønt kort tidligare?

– Jo, vi har søkt om det. Det har vært ein lang prosess og den er ikkje veldig rask.

Ifølge Daguman hadde kona opphalde seg ulovleg i 27 dagar i USA.

I dag skal Engan og fleire andre antatt ulovlege immigratar bli stilt for retten. Der skal det avgjerast om ho kan sleppast fri mot kausjon.

Skal framstillast for retten

Rettsmøtet startar rundt klokka 17 norsk tid og Engan skal gjennom to rettshøyringar.

En mann i hvit skjorte og dress ser rett i kamera.

Advokat Saman Nasseri forsvarer Engen.

Foto: Nasseri Legal

– Dessverre har ICE bestemt at dei vil arrestere personar som ikkje har gyldig visum, og at dei vil bli arresterte etter grønt kort-intervju. Dette er utan sidestykke og ikkje noko vi har sett tidlegare, sa advokat Saman Nasseri til NRK tidligare i helga.

Ifølge ektemannen blir kausjonen mellom 5000 og 10.000 dollar.

Rundt 20 menneske demonstrerer utanfor fengselet på søndag. Det er lokale aktivistar som møter opp kvar helg.

– Ein berg-og-dal-bane av kjensler

Ektemannen Joshua Daguman var også til stades og møtte kona på søndag. Ifølge han skal ho ha gått ned fem kilo.

En mann står på stranden med armene krysset. Han har på seg en lys T-skjorte og solbriller. I bakgrunnen er flere personer som spiller volleyball og nyter stranden. Det er palmer og en strålende himmel i omgivelsene.

Joshua Daguman gifta seg med Hanne, og kjempar no for å få ho ut av varetekt. Immigrasjonspolitiet ICE arresterte ho for ei veke sida, truleg på grunn av gått ut visum.

Foto: Anders Tvegård / NRK

Engan har diabetes type 1 og ektemannen har vore uroa for helsa hennar.

– Det har vore eit fullstendig mareritt. Det har vore ein berg-og-dal-bane av kjensler. Over tusen menneske har teke kontakt med fleire kongressmedlemmar og den norske ambassaden.

Daguman har gjort ei rekkje intervju med medium både i Noreg og i USA.

– Alle vil vite historia fordi dei som no blir tekne, ikkje har nokon kriminell bakgrunn. Dei har kome hit lovleg.

Ventar framleis på svar

Engan kom til USA i juli 2022 på studentvisum. Ifølge ektemannen fekk ho seinare arbeidsvisum, som gjekk ut i juli 2024. Paret gifta seg i oktober same år.

Ifølge ABC 10 News San Diego blei ho arrestert fordi ho i intervjuet med amerikanske innvandringsmyndigheiter erkjente at ho hadde blitt verande i landet sjølv om visumet hadde gått ut.

En agent fra det amerikanske immigrasjonsverket ICE står med en pistol i holsteret. På beltet har han en badge med teksten "U.S. Officer". Bildet fokuserer på agentens nedre del, som viser både våpenet og emblemene. Omgivelsene er uskarpe, noe som fremhever agentens utstyr.

ICE er det føderale amerikanske utlendingspolitiet som handhevar mellom anna immigrasjon. Dei driv også internerings- og deportasjonssenter.

Foto: Yuki Iwamura / AP / NTB

NRK har over fleire dagar prøvd å få svar frå amerikanske styresmakter om kvifor Engan er arrestert, og korleis dei vurdera helsetilstanden hennar og kritikken frå ektemannen.

Den amerikanske ambassaden i Oslo viser til ICE, som fredag stadfesta overfor NRK at dei hadde motteke førespurnaden og lova å kome tilbake med eit svar. NRK har måndag sendt ein ny førespurnad til ICE der vi gjentar at vi ønsker svar.

Publisert

24.11.2025, kl. 10.21

Oppdatert

24.11.2025, kl. 14.06