Kommunikasjonssjef i Helse Førde, Arve Uglum, stadfester til Firda at dei også var råka.
– Det skjedde eit brått og uventa bortfall av alt nettverk i Helse Førde, seier Uglum.
BA melde først om saka.
Uglum fortel at problemet vart oppdaga litt over klokka 14.00 måndag. Helse Førde hadde eit beredskapsmøte klokka 15.15.
– Då var situasjonen på veg opp igjen og det var ikkje grunn til å sette inn lokal beredskap, fortel Uglum.
Han kan ikkje seie heilt nøyaktig kor lenge sjukehuset var utan internett. Uglum har heller ikkje fått noko som tilseier at dette gav konsekvensar for klinikkane.
– Vi er eit digitalisert helsevesen, så dette er ingen situasjon som vi ønsker oss eller er komfortabel med.
Klokka 15.55 hadde Helse Vest beredskapsmøte, og då hadde ting normalisert seg.
– Då fekk vi vite at det er liten risiko for at det skal gjenta seg.
Uglum fortel at det jobbast med å finne årsaka til hendinga.
– Er datahacking ein teori?
– Det er jo den første tanken ein tenke. Men det er ingenting som tyder på det og ikkje det sporet som blir jobba med, seier han.