Saka oppsummert:
- Søndagens kamp mot Viking var Ludvig Begby sin siste for FKK etter 13 år og 224 kampar i FFK.
- Begby hyllar publikum og takkar for støtta gjennom heile karrieren.
- Sju av elleve spelarar frå cupfinalen i 2024, inkludert fleire profiler, forsvinn frå klubben før neste sesong.
- Sportssjef Anders Jensen omtalar Begby som ein hedersmann og ein viktig bidragsytar i klubben.
- Begby sin framtid er usikker, og han ønskjer tid til å tenkje over neste steg i karrieren.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
– Akkurat i dag er det mest vemodig. Eg kjenner meg heilt tom, sjølv om eg ei god stund har visst at denne dagen skulle komme.
Ludvig Begby kjem seint inn til eit fullstappa presserom på Fredrikstad stadion. Han har brukt god tid ute på matta til å ta farvel med heimepublikumet.
Etter 224 eliteseriekampar er det slutt for Lervik-guten. Da han blei bytt inn etter 81 minutt, var det for siste gong på eige kunstgras.
– Det var eit rush da eg fekk beskjed om at eg skulle inn. Eg prøvde å nyte minutta eg fekk på banen, seier ein prega Ludvig Begby til NRK etter kampen
Hyller publikum
Kontrakten til Ludvig Begby, som starta karrieren i Lervik IF, går ut ved nyttår. I starten av november bekrefta han og FFK det fleire hadde snakka om denne hausten:
Begby er ferdig etter 13 år i klubben.
– Publikum er den store grunnen til at eg har trivest som FFK-spelar. Dei har betydd alt. Fleire av dei eg såg i 2013, er dei same eg ser nå. Vi har alltid hatt eit tett band, seier Begby.
Han var éin av mange spelarar som blei klappa av matta for siste gong i Fredrikstad.
Stian Stray Molde, Jóannes Bjartalíð og Imre Bech Hermansen går alle vidare til nye klubbar frå nyttår.
Jóannes Bjartalíð (sittande framfor) og Ludvig Begby har begge vore publikumsfavorittar i Fredrikstad. Frå 2026 speler begge for nye klubbar.
Foto: Annika Byrde / NTB
I tillegg tyder mykje på at Maxwell Woledzi blir seld til den amerikanske toppdivisjonen MLS for fleire millionar kroner. Også visekaptein og lånespelar Leonard Owusu går ei uviss framtid i møte.
Det betyr at sju av elleve spelarar som starta cupfinalen mot Molde i 2024, truleg er borte når neste sesong startar. I tillegg til sju av dei ni spelarane som sat på benken.
Usikker veg vidare
Fredriksstad Blad snakka med FFKs sportssjef Anders Jensen etter kampen.
Til avisa kallar han Ludvig Begby ein heidersmann.
– Eg trur ikkje han heilt forstår sjølv betydninga av profesjonaliteten hans i kvardagen, og ikkje minst i rekruttkampane der han har vore heilproff til beinet. Eg har sagt til Ludvig at vi alltid vil vere her om det er noko han treng av oss.
Sportssjef Anders Jensen (i midten) seier FFK alltid vil vere der for Ludvig Begby. Her saman med fotballdirektør Joacim Heier og styreleiar Jostein Lunde etter kampen mot Viking.
Foto: Thomas Andersen / NTB
Kvar ferda går vidare for Begby er framleis uvisst.
– Eg klarer ikkje heilt å tenke vidare, for å vere ærleg. Det skal bli godt å få både sesongen og avgjerda litt på avstand. Så tek vi det derfrå, seier Begby.
Publisert
24.11.2025, kl. 11.24