Knuste alle på Bislett:
Det var ein kraftprestasjon då Ingrid Lid sprang nesten seks heilmaraton på eitt døgn.
Henrik Aasbø
Ingrid Lid (34) frå Kviteseid leverte eit praktløp på Bislett 24-timars og sikra seg NM-gull med over 258 kilometer – nesten 20 kilometer lengre enn beste mannlege deltakar.
Den eminente ultraløparen frå Kviteseid klinka til med over 258 kilometer i Bislett 24-timars og vart norgesmeister.
Ingen i det store startfeltet var i nærleiken av å hamle opp med ekstremløparen frå Vest-Telemark. Det seier mykje om prestasjonen hennar at ho slo beste herreløpar med nær 20 kilometer. Sjeldan har ordet utklassing passa betre enn for det Lid leverte på det rundt 600 meter lange tartandekket innandørs på Bislett stadion.
Mange trudde det lokale medaljehåpet kom til å gå på ein smell etter den friske opninga. Men det gjorde ho ikkje. I staden traff Lid både med løpsopplegget, næringsinntaket og det meste elles. Ho sprang jamt og kontrollert, og etter 20 timar hadde ho alt eit kjemperesultat inne. Likevel heldt ultradronninga fram med same driv.
Gjekk betre enn venta
– Eg kan ikkje seia anna enn at eg er kjempenøgd. Det gjekk eigentleg over all forventning, sa Ingrid til VTB etter løpet.
Ho peika på at ho lenge har streva med å knekka 24-timarskoden. Denne gongen sat alt.
Den erfaringa ho hadde frå tidlegare 24-timarsløp kom godt med. Ho sleit med nakke, skuldre og bein mot slutten, men klarte å handtera det.
Den nybakte norgesmeisteren var særleg nøgd med at ernæringsbiten fungerte. God næring er ein føresetnad for ein slik prestasjon.
Brutalt dei fire siste timane
Denne gongen slapp ho stort sett unna kvalme, som alltid ligg som ein trussel i lange løp. Før start hadde Lid sett seg eit hårete mål: 225 kilometer på 24 timar. Det klarte ho med glans. Ho passerte distansen med god margin og hadde framleis rikeleg med tid att. Stayerevna var det ikkje noko å utsetje på.
– Dei fire siste timane var brutale. Då hadde eg alt pressa meg hardt lenge. Samstundes var eg komen så langt at det var inspirerande å halda fram. Det vart ein kamp med hovudet og meg sjølv ettersom smertene var store, sa Ingrid då toppresultatet var klart.
Ho såg fram til å kvila både bein og kropp då NM-gullet var trygt i hamn.
Les også:
Ultraløpsveteran hyllar Ingrid etter prestasjonen