Saka oppsummert:

• Høgre foreslår å avvikle fylkeskommunen for å redusere byråkratiet i Noreg.
• Arbeidsoppgåvene til fylkeskommunen skal fordelast mellom staten og kommunane.
• Erna Solberg meiner større og meir robuste kommunar kan overta mange oppgåver, men ser utfordringar med små kommunar.
• Frp og Civita støttar forslaget og hevdar at fylkeskommunane manglar makt, innverknad og legitimitet.
• Sp åtvarar mot at avvikling av fylkeskommunane vil føre til sentralisering og hardhendt kommunesamanslåing.
• Solberg understrekar behovet for effektivisering, men rosar arbeidet frå fylkeskommunane med yrkesfagutdanning.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar før publisering.

I eit nytt forslag til Stortinget skriv Høgre at gjentatte forsøk på å gjere fylkeskommunen til eit «meir relevant styringsnivå» ikkje har ført fram, og at det er på tide å gjere kort prosess:

Avvikle fylkeskommunen «raskast mogleg» eller «innan få år».

– Noreg må bli mindre byråkratisk. Vi er tungrodde og overadministrerte og har for mange som berre flyttar papir, seier avtroppande Høgre-leiar Erna Solberg.

NRK møter henne eit par steinkast unna fylkeshuset i Vestland som stod ferdig for to år sidan. Prislapp: 950 millionar kroner.

I forslaget ber Høgre om at regjeringa sorterer arbeidsoppgåvene til fylkeskommunen i to kategoriar, og fordeler desse der dei best høyrer heime – «opp» til staten eller «ned» til kommunane.

For å framskunde prosessen foreslår partiet sju konkrete «flyttelass». Sjå under.

  • FRÅVÆRSGRENSE FØRDE VGSVidaregåande opplæring

    Overføre ansvaret for vidaregåande opplæring – inkludert skoleskyss – til kommunalt nivå. («Dette vil skape eit meir heilskapleg opplæringsløp og styrke samanhengen mellom grunnskole og vidaregåande opplæring.»)

  • Fylkesveg 33 ved Skreifjella i Akershus

    Rolf Petter Olaisen

    Vegnettet

    Dele vegnettet i to, og fjerne prinsippet om «fylkesvegar».

  • Overføre dei fylkeskommunale integreringstenestene til kommunane.

    Vestland fylkeskommune

    Integreringstenestene

    Overføre dei fylkeskommunale integreringstenestene til kommunane.

  • Innovasjon Noreg

    Innovasjon Noreg

    Innovasjon Noreg

    Overføre Innovasjon Noreg til staten. I dag eig fylkeskommunane 49 prosent av selskapet.

  • Tunet på Sunnfjord Museum

    Jon Bolstad

    Kunst og kultur

    Overføre ansvaret for museum, musikk og visuell kunst/kultur til kommunane – «med nasjonale støttetenester der det er naturleg».

  • Bilete av buss og passasjerar i bybildet i Bergen sentrum.

    Brynjar Myrtveit Osgjerd

    Kollektivtrafikken

    Overføre kollektivtrafikken til byområde eller andre interkommunale samarbeid.

  • Bilde av ein tannleges stol med ulike instrument og ein elektronisk kontrollpanel i fokus. Det er fleire metalldeler med slangar plassert på ein kvit eining. Bakgrunnen viser utydelege element som gir inntrykk av et tannlegekontor. Lysforholda er mjuke og gir et profesjonelt inntrykk.Andre fordelingssaker

    På toppen av dei «enkle» fordelingssakene, ber Høgre om at regjeringa greier ut følgande:

    • Om tannhelsetenester bør ligge hos kommunehelsetenesta eller spesialisthelsetenesta.
  • ein stor båt i vatnet

    Eli Bjelland / NRK

    Ansvaret for ferjesamband

    • Om staten bør overta ansvaret for alle ferjesamband, etter Fot-rutemodellen.
    • Om Riksantikvaren kan overta ansvaret for kulturminnevern.
    • Korleis kommunale samarbeid kan handtere regionale planoppgåver.
  • Ved Stavanger offshore tekniske fagskole har Frp gjort et brakvalg i skolevalet. Sindre Undheim er blant dei som stemte på Frp.

    Thomas Ystrøm

    Ansvaret for fagskulane

    • Om fagskulane bør ha same eigarstruktur som universitet og høgskolar, eller om dei bør ha kommunal eigarskap.
    • Korleis landbrukstiltak kan overførast tilbake til kommunane (ansvaret blei overført motsett veg under regionreforma).

Nekrolog for fylkeskommunen

Solberg seier til NRK at oppgåvene «i størst mogleg grad» bør flyttast ned på kommunenivå, sjølv om det er «ei utfordring at mange kommunar er små».

Resepten er legge til rette for «større og meir robuste kommunar» som i sin tur står fritt til å finne saman i «formålstenlege samarbeidskonstellasjonar».

Løysinga er i tråd med eit nytt notat frå Civita, som hevdar at fylka verken har «reell makt, innverknad eller legitimitet»:

«Det finst berre éi verkeleg løysing: Legg ned fylkeskommunen», konkluderer den liberal-konservative tankesmia.

Norske fylker 2024

I fjor viste ei ny meiningsmåling at 42 prosent av innbyggarane i Innlandet ønsker å legge ned fylkeskommunen. Undersøkinga blei gjord i etterkant av dei omstridde skolenedleggingane.

Solberg: – Vi må faktisk slanke Noreg

– Litt større kommunar hadde vore ein god idé, seier Solberg.

– Men vi vil ha først og fremst fjerne eit ekstra ledd, som berre medfører meir byråkrati.

– Kva for ei av oppgåvene til fylkeskommunen er det mest vanskeleg å avhende?

– Eg trur det viktigaste blir å finne ein god måte å dimensjonere fagskolane og den vidaregåande utdanninga på. Der må det gjerast eit grunnlagsarbeid. Å dele vegnettet i to er enklare. Det har vore greidd ut i 25 år.

– Korleis harmonerer det med Høgre si konservative ånd å avvikle eit forvaltningsnivå som har djupe historiske røter, og som folk er glade i?

– Det er litt ulikt det der. Eg respekterer at nokon delar av landet har eit sterkare forhold til fylkeskommunen enn andre. Men vi har behov for fleire hender i omsorga og i næringslivet, og fylka vil jo framleis vere der.

Fylkeshuset i Bergen

Eg spørjeundersøking viste at berre éin av fire nordmenn (24 prosent) kjenner att fylkesordføraren i sitt eige heimfylke. På fylkeshuset i Vestland (bilete) er det Jon Askeland (Sp) som er ordførar.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Dersom dette er dødsleiet til fylkeskommunane, vil du gi dei ei avskilshelsing?

– Eg er oppteken av utdanningssystemet vårt, og vil gjerne gi ros til ein del fylkeskommunar som har vore kreative og gode på det som har med yrkesfagutdanninga å gjere. Men vi må faktisk slanke Noreg.

– Kva skal du no?

– No skal eg sjå om det er nokre fylkespolitikarar som vil drikke kaffi med meg eller ikkje.

En kvinne sitter alene ved et bord med mikrofoner i et TV-studio. Hun har på seg en mørk dress og har kort, grått hår. Bakgrunnen er prydet med fargerike geometriske former. Det er flere mikrofoner plassert på bordet, og lys fra studioet skaper en profesjonell atmosfære.

Det er totalt 49.474 tilsette i fylkeskommunane (Oslo ikkje inkludert.)

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Sp: – Vil medføra ei hardhendt kommunesamanslåing

I dag er det ni andre europeiske land utan eit ekstra forvaltningsnivå mellom stat og kommune, blant anna Latvia og Slovenia.

Resten er i all hovudsak såkalla «ministatar».

– Ingen andre land i Europa det er naturleg å samanlikna seg med har to forvaltningsnivå, seier Jon Askeland (Sp), som er fylkesordførar i Vestland.

Han seier at Noreg treng tre forvaltningsnivå og at alternativet vil medføra ei «hardhendt kommunesamanslåing» som det ikkje er grunnlag for langs kysten, der fjord og fjell skaper lange reiseavstandar.

– Eit styresett med to forvaltningsnivå vil svekke det lokale nivået, og føra til meir sentralstyring. Staten vil alltid vera den sterke parten, og eg kan ikkje forstå at Høgre vil svekke den lokale og regionale krafta på same tid som staten eser ut.

– Nei, det er på statleg nivå det må kuttast!

  • Jon Askeland på Årskonferansen 2025 - Bergen næringsråd

    Therese Grimstad Pisani / NRK

    Jon Askeland (Sp), fylkesordførar i Vestland

    Kva er alternativet for mange av dei fylkeskommunale oppdraga? Eg fryktar eit kaos av interkommunale samarbeid med høgt konfliktnivå, svak styring og for dårleg folkevald kontroll med store tenesteområde om dette blir ein realitet.

  • Hans Andreas Limi (FrP) møter Emilie Enger Mehl (Sp) i politisk kvarter.

    Hanna Johre

    Hans Andreas Limi, nestleiar i Framstegspartiet

    Vi har heile tida meint at fylkeskommunen er eit unødvendig ekstra forvaltningsnivå. Målet vårt er å ha eit slankast mogleg byråkrati, som gir innbyggarane best tenester per krone brukt. Med denne bakgrunnen går vi igjen inn for å legge ned fylkeskommunen i det alternative budsjettet vårt. Mange av oppgåvene til fylkeskommunen kan varetakast betre innanfor andre forvaltningsnivå.

  • En mann i dress gestikulerer med hånden under en samtale i en romslig bygning. Bakgrunnen viser keramiske detaljer og planter. En annen person står nærmest til høyre og lytter. Lyssettingen er naturlig og rommet har fliser på gulvet.

    William Jobling / NRK

    Mudassar Kapur, kommunepolitisk talsperson i Høgre

    Alle parti som snakkar om forenkling, mindre byråkrati og betre tenester til innbyggarane må kjenne si besøkstid. Vi har lagt oss på ei truverdig og gjennomførbar linje der vi startar med ein oppgåvegjennomgang. Sjølv dei som er skeptiske bør kunne seie ja til dette. Dette kjem vi til å jobbe vidare med uansett slik at Høgre kan sette i gang dette når vi kjem i regjering i 2029.

  • Kristina Torbergsen

    Eskild Johansen / NRK

    Kristina Torbergsen (Ap), fylkesordførar i Troms

    Eg opplever eit stort engasjement om dei sakene fylkeskommunen har ansvar for og leverer på. Det er eit kjent triks i boka å dreie diskusjonen mot forvaltningsnivå, i staden for å snakke om dei tenestene som blir leverte. Uansett forvaltningsnivå, så handlar politikk om å prioritere. Fylkeskommunen har ei viktig rolle nært kommunane som samfunnsutviklar og er med på å knyte kommunane saman.

  • en mann i dress

    William Jobling / NRK

    Tore Opdal Hansen (H), fylkesordførar i Buskerud

    Vi treng ikkje fylkeskommunen om vi får 100–150 kommunar. Sjølv utan den kommunereforma bør det vere ukomplisert å omfordele oppgåvene frå fylkeskommunen. Nye oppgåver har ikkje i særleg grad blitt tilført fylka. Det seier vel mykje om synet til staten på fylka.

  • Thomas Sjøvold, ordfører i Oppegård

    Elin Martinsen

    Thomas Sjøvold (H), fylkesordførar i Akershus

    Fylkeskommunane bør leggast ned, men da må vi ha kommunar som er store nok til å kunne overta oppgåvene. Fleire interkommunale samarbeid er ikkje ein effektiv måte å samhandle på. Overføring av oppgåver til staten er heller ikkje ei god løysing. Da er det betre å halde oppe det fylkeskommunale direktestyrte folkevalde nivået.

  • Anders Riise

    Mia Sofie Ytreberg / NRK

    Anders Riise (H), fylkesordførar i Møre og Romsdal

    Fylkeskommunen er framleis liv laga fordi han leverer viktige teneste til innbyggjarane. Det er pr. no ingen forvaltningsnivå som er budde på eller i stand til å levere dei same tenestene. Skal ein vurdere fylkeskommunen, må ein sjå det i heilskap med kommune og stat. På lengre sikt er eg samd i at fylkeskommunen sine oppgåver kan fordelast mellom robuste kommunar og staten.

Publisert

25.11.2025, kl. 05.46