Måndag stadfesta politiet i Sunnfjord at ein ung mann frå Sunnfjord er sakna i Warszawa.

Sunnfjordingen har vore på ein venetur til Polen med to vener. Han skal ha blitt sist sett natt til laurdag på ein utestad.

Sjefsersjant i sentrumspolitiet i Warszawa, Kacper Wojteczko, fortel til Firda at polsk politi har starta etterforskning.

Sidan laurdag morgon har det blitt gjennomført søk i området like ved utestaden og rundt elva Wisla.

– Politiet har leita langs elvebreidda. Vi har ikkje funne han, men vi leiter framleis, seier Wojteczko.

Politiet i Sunnfjord samarbeider ilag med polsk politi og Kripos om etterforskinga.

– Dei har starta si etterforsking i Polen, og så har vi vår her ifrå. No jobbar vi med å hente inn fleire detaljar om kva slags undersøkingar politiet i Polen har gjort så langt, sa etterforskingsleiar Oda Thorstad i politiet i Sunnfjord måndag føremiddag.