Også denne veka kjem det nye meldingar om forsøk på å lokke skulebarn inn i ein bil i nærleiken av skuleområdet i Ulsteinvik sentrum.
Tysdag føremiddag møtte ordførar Stian Skorgen Scheide og politikontakt Henrik Vikebakk Sandstad pressa på rådhuset i Ulsteinvik.
– Tysdag morgon fekk vi det sjette tilfellet totalt. Det var det fjerde ved Ulsteinvik barneskule, fortel Sandstad.
Han legg til at det var to tilfelle ved Hasund skule 12. og 13. november, i tillegg til eitt ved Ulsteinvik barneskule 13. november.
Både måndag og tysdag er det registrert nye tilfelle av barn som har blitt forsøkt lokka inn i ein bil ved Ulsteinvik barneskule. Sandstad stadfestar at det siste meldte tilfellet skjedde tysdag morgon.
Politikontakta fortel at det er nokre likskapar mellom dei ulike tilfella, men også ein del variasjon i skildringane politiet har fått.
– Det er likskapstrekk i den forstand at det er elevar som har blitt kontakta av ein person i bil. Skildringane av både person og bil har variert ein del, men fellesnemnaren er at dei har blitt kontakta, har snakka saman og blitt tilbode å sjå på bilen, sitte på i bilen, eller tilbode tyggis og annan type godteri, fortel Sandstad.
Er det haldepunkt for å tru at det er fleire personar involvert?
– Det er vanskeleg å seie, men vi vil ikkje utelukke det på noverande tidspunkt, med tanke på at skildringane varierer. Vi veit heller ingenting om kva som er formålet eller intensjonen bak, seier Sandstad.
På grunn av at skildringane varierer ein del, vil han heller ikkje seie så mykje om kva slags skildringar politiet har fått, verken av køyretøy eller involverte personar.
Han fortel vidare at dei tilfella politiet har gjort kjende med har skjedd i temmeleg nær avstand til skuleområdet.
– Det kan vere ved parkeringsplass eller på skuleveg innanfor ganske kort radius frå skulen.
Kva gjer politiet for å finne ut meir om kva som har skjedd i saka?
– Først og fremst jobbar vi med å hente inn mest mogleg påliteleg informasjon. Vi prøvar å samle trådane vi har og den informasjonen vi har, for å sjå om vi kan kome fram til nokre konkrete personar vi kan snakke nærare med og prøve å få kartlagt kva som var formålet, seier Sandstad.
Han legg til at politiet har sett inn dei etterforskingsressursane ein har tilgjengeleg i saka for å kartlegge den nærare, i tillegg til at det er auka fokus for dei operative patruljane på å vere endå meir til stades.
Kor spesielt er det at ein får såpass mange meldingar på kort tid i eit lite område?
– Kor spesielt det er skal eg ikkje uttale meg om, men vi reagerer litt på at vi får såpass mange meldingar. Det kan det vere ulike grunnar til. Det kan hende at ein oppfattar ting med den bakgrunnsinformasjonen ein har, det kan vere ting som blir misforstått, så vi har hypotesar om det også, fortel Sandstad.
På spørsmål om korleis Ulstein kommune handterer saka, seier ordførar Scheide at dei har agert og tidleg tatt saka på alvor.
– Vi såg at det var eit gjentakande mønster og då informerte vi før helga alle føresette om at dei bør ta seg ein prat med barna og vi delte nokre råd. Dei råda er framleis høgaktuelle. No har vi også gjort ytterlegare tiltak i skulane, med auka bemanning på uteområdet, fortel Scheide.
Han legg til at kommunen også kjem til å sende ut eit skriv til alle rektorane i kommunen, med informasjon som skal formidlast vidare til dei som jobbar på uteområda ved skulane.
– Det handlar om kva dei må tenkje på og kva dei skal observere. Dei må vere årvakne, seier Scheide.
Han ber også publikum som observerer skuleelevar på veg til og frå skule om å vere årvakne.
– Dersom dei ser noko er det viktig at dei kjem med så konkret informasjon som mogleg til politiet, for dette er ei politisak, seier Scheide.
Ordføraren fortel at kommunen framover ikkje kjem til å melde om einskildhendingar og at det no er politiet som har eigarskap til saka. Kommunen vil i staden oppdatere etter kvart som ein har meir konkret informasjon å dele, seier ordføraren.
Politikontakt Sandstad fortel at politiet stiller seg bak råda som har blitt sendt ut frå kommunen om at elevane i størst mogleg grad bør prøve å gå saman med andre til skulen.
– Vi forstår at dette er ein situasjon som skaper uro, både for elevane og for føresette. Går ein saman med andre, til og frå skulen, så kan det bidra til å redusere sannsynet for å bli oppsøkt i utgangspunktet. Samstundes lev vi i eit ope og fritt samfunn, som gjer at ein aldri kan 100 prosent garantere at det ikkje kan oppstå ubehagelege hendingar, fortel Sandstad.
Det har på noverande tidspunkt ikkje kome meldingar om hendingar ved Ulstein skule eller Haddal skule, men Scheide fortel at dei tek forholdsreglar også der.