For kvart år søkk tilliten blant folket til tilbodsveka Black Week(s).

Det som starta med ein kaotisk kjøpefest på Black Friday, har etter kvart blitt utvida til både veke og månad, og det har gått skikkeleg inflasjon i tilboda.

Black Friday-handelen har gått ned kvart år sidan 2022, men omsetninga har auka i sjølve Black Week. Også i år kjem me til å handle for milliardar.

Butikkane køyrer i større grad like tilbod gjennom heile november, men nokre gode tilbod er det å finne her og der for den gaminginteresserte. Det gjeld å vite kva ein skal ha.

Om du ikkje kjøper noko berre fordi det er billigare enn vanleg, er det pengar å spare.

Me ser i denne artikkelen på dei aller beste tilboda i gamingsegmentet, og tar for oss følgande kategoriar:

Spelkonsollar og tilbehøyr Nintendo Switch 2

Denne sit nok mange klare til å bestille i Black Week. Prisen har søkke litt om litt dei siste månadane, og no ligg Switch 2 på ein relativt grei pris.

Pakken med Mario Kart World er på sitt aller billigaste sidan lansering.

Gamer.nos ansvarlege redaktør Fredrik Olimb kalla Switch 2 for ein trygg og fornuftig oppfølgar i sin test i sommar, og me er fleire i redaksjonen som har fått stor glede av konsollen sidan den gong.

Postverket får det nok travelt med å sende ut Switch 2-pakkar framover.

Xbox Series S 512 GB

Det er no over fem år sidan Microsoft lanserte den noverande konsollgenerasjonen, og neste lansering kjem sannsynlegvis i 2027.

Prisane på Xbox har gått betydeleg opp i det siste. Power kjører no ein kampanje med Series S til 3799, som er ein grei pris i 2025. Dette er det billigaste sidan juni.

Samtidig er det greitt å vite at den trass alt lanserte i 2020 for 3290.

Ikkje noko kjempekjøp, men heilt ok om du skal ha den i år.

Lenovo Legion Go S

Me fekk aldri tid til å lage ein skikkeleg test på denne, men veslebror til den nye flaggskiphandkonsollen til Lenovo er eit greitt kjøp for dei som ikkje vil bruke altfor mykje pengar.

Prisen er som oftast det som avgjer om ein handkonsoll lukkast eller ikkje. No får du Legion Go S for ein tusenlapp mindre enn ved lansering.

Det er ikkje så altfor gale.

Lenovo Legion Go S SteamOS Z2 GO 16GB RAM 512GB

PowerA Twin Charging Station

Ladestasjonar for ymse kontrollarar begynner å bli ein ganske metta marknad.

Dette er ein av dei beste alternativa for DualSense-kontrollaren, og no til langt lågare pris enn vanleg.

Kanskje eit fint alternativ som ei rimeleg og nyttig julegåve til ein gamingven med PlayStation?

PowerA Twin Charging Station For Dualsense Wireless Control /PS5

Headsett og lyd Astro A50 5. generasjon

Astro har kome med femte generasjon av folkefavoritten A50, og no begynner prisane å bli meir konkurransedyktige. Headsettet fekk 8.5 av 10 poeng i vår samletest i fjor, som var nok til andreplassen etter Audeze Maxwell.

Ved lansering kravde Astro spinnville 4700 kroner for produktet. No er prisen nede på 2390 kroner. Det er ein heilt anna prisklasse.

Her får du ein strålande mikrofon, imponerande batterilevetid, høg lydkvalitet og ein handy basestasjon med innebygd lading.

Headsettet er komfortabelt og lett, og er ein sikker vinnar for både speling og film.

Logitech G Astro A50 Gen 5 LIGHTSPEED Wireless Gaming Headset

Samsung HW-Q995F

Dette er den nyaste generasjonen av Samsungs flaggskiplydplanke. Endringane frå år til år er ikkje all verda, men desse pleier forsvinne ut av marknaden etter kvart, og prisnivået fell nok ikkje særleg lågare enn dette.

Det er mykje pengar for ein lydplanke, så det er sagt. Du kan få langt meir for pengane i lågare prisklassar.

Eg kjøpte førre generasjon i fjor.

Surroundlyden er ein fryd i speling, og sjølv om den ikkje er heilt i toppklassen for musikklytting, er den midt i blinken for ein kombinasjon av spel, film og seriar.

Skjermar Ymse feite skjermar frå ASUS

ASUS har vore både aktive og oppfinnsame i gamingskjermverda dei siste åra, og fordi me enno ikkje har hatt kapasitet til å dukke grundig nok ned i det universet, ramsar me opp nokre av skjermane som har fått saftige nok rabattar og som me veit er solide produkt.

Det er reine krigen om å lage dei beste OLED-skjermane med høg oppdateringsfrekvens og oppløysing for tida, og det som for nokre år sidan var heilt sinnssjukt dyr teknologi, er no «berre» heilt sjukt dyr teknologi.

Her er nokre av dei mest kritikarroste frå det siste året, og det kjem sikkert fleire tilbod i løpet av veka:

Asus ROG Swift OLED PG27UCDM 27″

Asus ROG Swift PG32UCDMR 32″ OLED 4K 240Hz USB-C DP 2.1

Asus ROG Strix XG27AQDMG 27″ Gaming QHD OLED 240Hz

Asus ROG Strix XG27AQDMG 27″ Gaming QHD OLED 240Hz

LG UltraGear 45GX950A

Denne 45-tommaren frå LG med eit OLED-panel i 5120×2160-oppløysing og oppdateringsfrekvens på 165 hertz er av det heftige slaget.

Denne har, som mange av dei årsferske modellane i klassen, såkalla dual-modus for å skifte mellom oppløysing og oppdateringsfrekvens. I 1080p aukar oppdateringsfrekvensen til 330 hertz.

Skjermen er for tida den mest populære på Prisjakt, og trass noko slapp lysstyrke, har den fått imponerande meldingar frå mange av dei største tekmagasina.

På rundt eit halvt år har prisen falt frå over 22.000 kroner til 15.000. Kjekk skjerm om du føler behovet for å verkeleg spandere på deg ei fin julegåve.

LG UltraGear 45GX950A 45» OLED WUHD 165/330Hz Dual Mode

Maskinvare Gigabyte RTX 5080 Windforce OC

Nvidia RTX 5080 var eit heller skuffande skjermkort ved lansering. Det prisa seg godt ut av marknaden, men under Black Week nærmar me oss eit akseptabelt prisnivå.

Om du kan leve med å ikkje ha meir enn 16 GB VRAM til over 10.000 kroner, er dette nesten eit fornuftig kjøp for speling i 1440p og 4K.

Windforce-kjølaren har me mykje erfaring med. Den leverer varene, og det i eit lite format for å vere RTX 5080.

Gigabyte RX 9070 XT Gaming OC

No begynner me å snakke, her. Me krona 9070 XT til kongen av mellomklassen i vår store samletest i sommar, og då kosta skjermkortet rundt 2000 kroner meir enn no.

Prisen har falt betydeleg over sommaren, og Gaming OC-kjølaren er i skrivande stund det billigaste RX 9070 XT-kortet på Prisjakt. Til 7189 kroner er dette svært god valuta for pengane.

AMD RX 9060 XT 16 GB

Dette er mitt personlege favorittkort denne generasjonen når det gjeld å få mest mogleg yting for pengane.

Då me publiserte vår test, kosta dei billigaste korta rett oppunder 5000 kroner. No nærmar dei seg 4000.

Her er det lokkande tilbod både på Gigabyte RTX 9060 XT Gaming OC, PowerColor RX 9060 XT Reaper og Asus RX 9060 XT Dual.

Eg held ein liten knapp på Gigabyte her. Alle tre vil gi mykje spelglede for investeringa.

AMD Radeon RX 9060 XT (16GB)

Nvidia RTX 5060 Ti 16GB

Med lågare prisar spissar konkurransen seg til i mellomsegmentet. Eg er nesten freista til å lage ein heilt ny samletest på skjermkort no, for som 9060 XT har RTX 5060 Ti sett eit betydeleg prisfall.

Dei to var harde konkurrentar, og til omtrent same pris som 9060 XT er det lett å peike på denne som ein favoritt i duellen.

MSI sin Ventus 3X-kjølar og Gigabyte sin Windforce-kjølar ligg rett under 4500 kroner. Ikkje verst.

Nvidia GeForce RTX 5060 Ti

AMD Ryzen-serien

AMD har tatt fullstendig knekken på Intel når det gjeld spelyting.

Spesielt X3D-prosessorane moser konkurransen på både pris og yting, og no er fleire av produkta tilgjengeleg for rekordlåg pris.

I skrivande stund prøver eg å overtale meg sjølv om at eg ikkje treng ein 9950X3D. Det spørst om eg har viljestyrken til å stå imot her.

9800X3D gir mest for pengane i entusiastklassen, men Ryzen 5 9600X vil vere nok for dei fleste som speler. Sistnemnde er også rekordbillig, utan at det har kome dei heilt store rabattane.

AMD Ryzen 5 9600X 3,9GHz Socket AM5 Box

AMD Ryzen 7 9700X 3,8GHz Socket AM5 Tray

AMD Ryzen 7 9800X3D 4.7GHz Socket AM5 Box

AMD Ryzen 9 9950X 4,3GHz Socket AM5 Box

Gamingmus og tastatur Pulsar X2 Crazylight

Finalmouse sin elleville forretningsmodell gjer det vanskeleg å få tak i dei aller lettaste musene på marknaden her i Noreg, og ikkje minst er dei svindyre.

Crazylight med sine 37 gram fekk ein del kritikk for prisnivået ved lansering, men no har den dalt frå 1690 kroner til ein tusenlapp.

Det er ein betydeleg rabatt.

Scyrox sine V6 og V8 skal vere habile konkurrentar, også dei på sal no, men dei har me ikkje fått testa enno.

Pulsar X2 Crazylight Wireless

Logitech G Pro X Superlight 2 og Superlight 2 DEX

Logitech har lansert ein heil haug av versjonar av denne musa i løpet av åra. I fjor kom dei endeleg med ei ergonomisk form.

Underteikna har lenge hatt G403/G703-forma som ein personleg favoritt. Denne ligg ganske tett opp til den. Me har ikkje offisielt testa denne musa enno, men det er kjekt å sjå at Logitech moderniserer eldre publikumsfavorittar – sjølv om forma ikkje er identisk som G403.

Batterilevetida har klatra opp til oppunder 100 timar av vedvarande bruk, mens sensoren er oppgradert til 8000 hertz.

Den «vanlege» modellen er også tilgjengeleg på kraftig rabatt.

Logitech G Pro X Superlight 2 DEX

Logitech G Pro X Superlight 2 Lightspeed

Logitech G Pro X Superlight

Det tidlegare trådlause flaggskipet til Logitech blei erstatta for to år sidan, men er framleis eit glimrande produkt for dei som vil ha ei presis skytespelmus som òg taklar produktivitetsoppgåver.

No til rundt 600 kroner. Denne ligg framleis på min pult og yter som då ho var ny.

Farleg mykje for pengane, her.

Logitech G Pro X Superlight

ASUS ROG Azoth

Det er på overtid at me får oppdatert samletestane våre for tastatur og mus snart. Testbanken vår er heller utdatert. Me vågar oss likevel til å dra fram ein gammal favoritt, nemleg ROG Azoth.

Dette tastaturet lanserte eit stykke nord for 3000 kroner i 2023, men er no nede på rekordbillige 1666 kroner.

Eg har hatt Azoth på pulten min i rundt halvanna år no. Det er framleis eit heilt fantastisk tastatur, og til denne prisen er det vanskeleg å slå.

Asus ROG Azoth NX Red Switch (Nordic)