– Vi har blitt valde ut som pilotklubb av Norsk topphåndball.
Det seier styreleiar i Kristiansand Topphåndball, Tommy Egeli.
Og klubben er spesiell i så tilfelle. Klubben er den einaste av dei 56 klubbane på dei to øvste nivåa blant herrane og damene, som får denne tittelen.
Nyheita kom på ei samling klubben arrangerte i Kristiansand måndag kveld.
– Vi trur at her er eit stort potensial på kort sikt. Vi har tru på folk, ressursane i og rundt klubben, på styret, sa kommersiell leiar i Norsk topphåndball til Fædrelandsvennen etter samlinga.
– Byen er ein storby som om nokre år får ein ny arena, seier Bruun Hansen, og siktar til Agder Arena.
Tommy Egeli er styreleiar i Kristiansand Topphåndball. – Vi har over 1000 tilskodarar i snitt på kampane våre. Det er eit sug etter topphandball i byen igjen, seier han.
Foto: NRK
Egeli gjesta NRK Sørlandets radiostudio tysdag morgon for å snakke om utmerkinga.
– Vi skal gjennom ei utvikling av klubben, og vi får ei verkeleg god oppbakking. Det handlar om å bygge desse stega på vegen mot målet vårt, seier Egeli.
Får rettleiing av andre toppklubbar
Utmerkinga som pilotklubb skal gi dei ekstra støtte til å utvikle organisasjonen og infrastrukturen til klubben.
Som pilotklubb vil klubben få rettleiing frå toppklubbar og dra nytte av erfaringa deira med å bygge ein solid organisasjon.
Pilotprosjektet kan gi Kristiansand Topphåndball ein fordel i jakta på å styrke sin posisjon i eliteserien.
Vil ta medalje innan tre år
Klubben har tidlegare signalisert at han ønsker å ta medalje i eliteserien innan sesongen 28/29.
Klubben har sjuandeplass som beste serieplassering dei siste åra, i tillegg til ein bronsemedalje frå cupen i 2022.
– Kolstad og Elverum som er to soleklare favorittar. Bronseplassen er «up for grabs», seier Egeli.
Herman Bredal Oftedal er ein av nøkkelspelarane for KRS. Han er broren til tidlegare landslagsprofil for handballjentene, Stine Bredal Oftedal.
Foto: Kjetil Samuelsen / NRK
Ligg føre ØIF
Dei siste åra har det også vore rivalisering mellom KRS og den andre eliteserieklubben på Sørlandet, ØIF Arendal.
Laget frå aust har vore eit lite hakk betre dei siste sesongane.
Tabellen viser at per no, er KRS det beste laget frå Agder. Kristiansandarane ligg på ein sjuandeplass, som gir sluttspelsdeltaking etter enda sesong.
Arendalittane ligg på ein niandeplass, to poeng frå sluttspelsplass.
– Etter elleve kampar er vi framfor. Og vi er faktisk berre fire poeng bak målet vårt om medalje innan tre år, seier Egeli.
Men framleis står att over halve sesongen. Til søndag er det ny kamp, heime mot Sandefjord.
Publisert
25.11.2025, kl. 07.58
Oppdatert
25.11.2025, kl. 09.15