Naudetatane rykkjer ut til Vangsnes etter melding om brann i bustad. Det melder Vest politidistrikt klokka 21:02 tysdag kveld.
Vaktkommandør Shahrooz Lahooti ved 110-sentralen opplyser at det var ein nabo som melde frå om brannen.
– Det var observert flammar. Det var først uvisst om det var folk inne i huset, men det vart etter kvart stadfesta at alle er ute av huset.
Det bur ein person på adressa. Vedkomande er gjort greie for.
Det skal vera fare for spreiing til ei løe som står like ved. Det er ingen dyr i løa.
– Det er full overtenning i bustaden med store flammar gjennom taket og mykje røyk. Me har sendt ut meir mannskap frå Leikanger som vil bli frakta med ferja frå Hella til Vangsnes, fortel Lahooti.

Det er fare for spreiing til ei løe like ved.
Foto: Gunnar Kleven
Sogn Avis sin journalist på staden melder at brannmannskap frå Leikanger og politi er framme like før klokka 21:50. Det brenn framleis godt i loftsetasjen i huset, men det er førebels ingen synlege flammar i dei nedre etasjane.
Klokka 22:04 melder 110 Vest at brannmannskapa har god effekt av sløkking. Samstundes opplyser politiet at vedkomande som bur i huset blir sett til av helse på staden. Fleire personar er evakuert frå nabohus.
– Personen som vart undersøkt av helse er frakta vidare med ambulanse til Voss sjukehus. Ukjend skadeomfang. Det er evakuert bebuarar frå tre nærliggjande adresser, opplyser operasjonsleiar Bjarte Rebnord i ei oppdatering klokka 22:37.
– Nokre er evakuerte på grunn av spreiingsfaren og andre fordi røyken driv rett mot bustadene. Nokre ordnar seg sjølve, medan andre blir teke vare på på staden, fortel Rebnord til Sogn Avis.
Politiet har førebels ikkje fått melding frå brannvesenet om at det er kontroll på brannen.
– Vedkomande som bur i det aktuelle huset vart sett til av ambulanse ganske raskt, så han har me ikkje vore i kontakt med. Me veit heller ikkje noko om årsaka til brannen på noverande tidspunkt, seier Rebnord.
Ved 23:30-tida blir det meldt om at det er kontroll på brannen. Brannvesenet driv framleis med sløkking.

Brannen er også synleg frå andre sida av fjorden.
Foto: Tipsar