Kva belastning og kostnadar vil bygging av Stad Skipstunnel påføre statsbudsjettet?

Spørsmålet vert sett i forhold til dei mange store og dyre prosjekta som det vert brukt pengar på,
på Austlandet. Eksempelvis som Follobanen til ein pris på om lag 37,5 milliardar.

Fyrst må vi rydde opp litt før eg går vidare.

Førebels pris på Stad-tunnelen er berekna til 9,4 milliardar. Staten vil tene om lag 2,5 milliardar i moms. På jernbaneprosjekt er det ikkje moms til staten. For å finne reelle kostnader på tunnelen, må momsen trekkast ifrå. Då vil vi stå igjen med ein førebels reell kostnad av tunnelen på 7 milliardar.- Dette før ein endeleg framforhandla pris, som kan bli noko mindre.

Bygginga av tunnelen skal gå over 5 år. Kostnaden skal då delast på 5 årlege statsbudsjett.
Utan moms på prosjektet vert det om lag 0,64 promille av årleg statsbudsjett i 5 år, tilsvarande årleg belastning 1,4 milliardar. Som sagt er dette før endeleg framforhandla pris. Tek vi med moms til staten, så vert de om lag 0,85 promille.

Eg vil presisere at det berre er snakk om promille av statsbudsjettet, same kor ein snur og vender på det. Vi i Kystbefolkninga kan ikkje lenger finne oss i, at vi ikkje ein gong vert tilgodesett promille.
Til samferdsel trur eg det var 0,6 promille som Møre og Romsdal fekk.

No må vi ikkje lenger finne oss i slik behandling. Dessverre er det for mange rike austlendingar som styrer landet. Statsministeren, finansministeren osv.

Kampen for tunnelen er ikkje på nokon måte over. Alle gode krefter som vil bygge heile landet, må skjerpe seg og samordne innsatsen.

Austlendingane sin motstand kjem klart fram i avisene Dagens Næringsliv og Aftenposten.
og trist vert det viss den søkkrike austlendingen som Nikolai Astrup, ein av leiarane i Høgre, kjem til makta. Han har vel ei formue på ein milliard. Han skryter av kva han skal gjere. Han seier at; «Blir det opp til meg, skal vi kutte tunnelen på Stad.»

Eg vil seie: «Nærsynte rikingar på Austlandet!»

Det mest gledelege er at Ap-politikarane i Møre og Romsdal, slike som Svein Gjelseth og
Kjølmoen har mot og vil kjempe for tunnelen.

Ikkje minst viktig er det at Sp med Vedum i spissen viser i praksis at dei meiner alvor med uttalen sin, at dei vil bygge heile landet. Sp sit no med stor innflytelse over statsbudsjettet, då dei er i ein vippeposisjon, og kan samarbeid med kven dei vil.

For meg som har opplevd kor farleg Stad-havet kan vere, ser eg meg nøydd å love stemme
på Sp ved neste val, om dei står løpet ut, og får vidareført arbeidet med gjennomføring til
ferdig tunnel. Det er brukt om lag 400 millionar. Ein kan seie at arbeidet er starta opp, og må ikkje stoppast.

Som Trump seier: «Vi får sjå kva som skjer». Og stem då etter det ved neste val!