Klokka 12.42 fekk politiet melding om ei trafikkulykke i Selje i Stad kommune.
Ein bil skal vere involvert og det er berre førar i bilen.
– Bilen skal ha treft ein kant langs vegen og ligg no på taket, opplyser Steinar Hausvik, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.
Føraren er ute av bilen og verkar uskadd.
Brannvesenet og amulanse er på staden. Føraren blir sett til av ambulansepersonell.
Klokka 13.33 melde politiet at dei er framme på staden.
Politiet melder klokka 14.16 er naudetatane er ferdig på staden. Det er ikkje personskal på føraren.
Les meir om: artikkelemnene