– Dette forferdelege angrepet var ei handling av vondskap, hat og terror, sa den amerikanske presidenten Donald Trump natt til torsdag norsk tid.
FBI etterforskar skytinga, men har ikkje stadfesta at dei etterforskar saka som terror, slik presidenten meiner det er.
To soldatar frå nasjonalgarden blei onsdag skotne ikkje langt frå Det kvite hus, dei er begge kritisk skadde. Éin mann er pågripen.
I eit videoopptak frå Florida, der Trump feirar den amerikanske høgtida hausttakkefest, sa han at den pågripne mannen kom til USA frå Afghanistan i 2021.
Tryggingsdepartementet har stadfesta at den pågripne er afghansk statsborgar. Han skal ha arbeidd for USA i Afghanistan.
Reuters skriv at den pågripne kom til USA i samband med ei ordning for afghanarar som hjelpte amerikanske styrkar i Afghanistan.
Åstaden er sperra av i den amerikanske hovudstaden.
Foto: Mark Schiefelbein / AP / NTB
Reuters melder at amerikanske immigrasjonsmyndigheiter stoppar behandlinga av søknader frå afghanarar.
FBI etterforskar saka
FBI-direktøren var av dei som deltok på ein pressekonferanse i den amerikanske hovudstaden seint onsdag kveld.
– To av dei modige medlemmene våre av Nasjonalgarden, blei angripne i ei forferdeleg valdshandling. Dei blei skotne. Tilstanden deira er kritisk, sa Kash Patel.
FBI-direktør Kash Patel.
Foto: DREW ANGERER / AFP / NTB
Ifølge FBI blei nasjonalgardistane skotne nokre kvartal frå Det kvite hus, som ligg i sentrum av Washington D.C.
– Dette vil bli behandla som vald mot tenestemann, seier Patel. FBI etterforskar saka.
Ifølge ordføraren i Washington D.C. Muriel Bowser var skytinga målretta.
– Det vi veit er at dette er eit målretta angrep. Éin person har tilsynelatande sikta seg inn på desse gardistane, seier Bowser.
– Den personen er no pågripen, seier ho vidare.
AP skriv at den mistenkte skal ha blitt skoten.
Ein person er pågripen etter at to soldatar frå nasjonalgarden blei skotne og drepne.
Foto: DREW ANGERER / AFP / NTB
Bilete frå staden viser ein mann i uniform som får behandling i ein ambulanse.
Det var ABC News og nyheitsbyrået AP som melde om hendinga først, på bakgrunn av ikkje namngjevne kjelder.
Full forvirring
Det har vore stor forvirring rundt tilstanden til dei soldatane frå nasjonalgarden.
Like før klokka 22.00 sa guvernøren i Vest-Virginia, Patrick Morrise at dei to soldatane var drepne.
– Vi er i kontinuerleg kontakt med føderale tenestemenn medan etterforskinga held fram, skriv Morrisey på X.
Foto: Mark Schiefelbein / AP / NTB
Om lag 20 minutt seinare skriv Morrisey ei ny melding på X at han har fått motstridande meldingar om tilstanden til dei to soldatane.
– Vi vil gje fleire oppdateringar når vi får meir informasjon, skriv han vidare.
Stenger Det kvite hus
Ifølge forsvarsministeren i USA, Pete Hegseth, ber Trump om at 500 ekstra soldatar skal bli sende til Washington D.C., som følge av skyteepisoden.
Forsvarsministeren i USA, Pete Hegseth.
Foto: FELIX LEON / AFP / NTB
I august blei over 2000 soldatar frå nasjonalgarden sende til hovudstaden Washington.
Utplasseringa av nasjonalgarden og Ice-agentar for å pågripe migrantar i fleire byar i USA har utløyst store protestar, mellom anna i Washington.
Det kvite hus, der presidenten bur og har kontoret sitt, er nedstengd som følge av hendinga, opplyser pressesekretæren til presidenten Karoline Leavitt.
Interessert i å følge med på det som skjer i verda? Høyr utanriksredaksjonen sin podkast her:
Publisert
26.11.2025, kl. 21.54
Oppdatert
27.11.2025, kl. 07.07