Private barnehagar:
Private barnehagars landsforbund har kalla inn til ekstraordinært landsmøte i desember. På dagsorden: Å opne for at barnehagar kan droppe pensjonsavtalen. – Nøkkelen ligg hos regjeringa, seier Marius Iversen i PBL. Fagforbundet åtvarar om streik.
MINDRE?: Fagforbundet har 8300 medlemmar som jobbar i privat barnehage. PBL diskuterar eit no eit forslag som kan bety mindre pensjon til dei som jobbar i private barnehagar.
Private Barnehagers Landsforbund, til vanleg kjend som PBL, skal ha eit ekstraordinært landsmøte i desember.
Der skal medlemmane vurdere om dei skal kunne droppe den tariffesta pensjonen.
Alle medlemsbedriftene i PBL er bundne av ein sentral tariffavtale. No kan PBL gå vekk frå den delen som har med pensjon å gjere.
Det opnar for kraftige kutt i arbeidsgjevarbiten av pensjonen til dei som jobbar i desse barnehagane.
Saka vart først omtalt i Utdanningsnytt.
– Vi blir tvunge
Kommunikasjonsdirektør Marius Iversen i PBL seier at dette kan skje om ikkje regjeringa sørger for at barnehagane får dekt utgiftene til pensjon.
– Dette er ei sak som er viktig, og som vi tek på stort alvor. Vi gjer ikkje dette med lett hjarte og vi ønsker i utgangspunktet heller ikkje å gjere det. Dette er noko vi blir tvunge til å gjere om det ikkje kjem på plass nye ordningar som sikrar at medlemmane får dekt kostnadane til pensjonsordningane.
Fire av ti barnehagar går med underskot, viser tal frå SSB:
– Ein vesentleg del av dette er at dei private barnehagane ikkje får dekt kostnadane deira til pensjon, seier Marius Iversen.
Han viser til at sju av ti barnehagar ifølgje berekningane til PBL brukar meir på pensjon enn det staten gjev dei.

DRASTISK: Marius Iversen, kommunikasjonsdirektør i PBL.
Foto: PBL
Slik er pensjonen i private barnehagar
-
Til saman sju prosent av den
årlege løna blir sett av til pensjon -
Arbeidsgjevar står for fem
prosent -
Ordninga
er ei hybridpensjonsordning og blir rekna som ein type innskotsbasert tenestepensjon -
Fram til 2022 fekk barnehagane
dekt tilsvarande 13 prosent av løna til pensjon frå det offentlege -
Dette har
no blitt redusert til ti prosent av løna, noko PBL blant andre er kritiske til -
PBL opplyser at deira samla utgifter til pensjon er 14,7 prosent av løna til den tilsette
Risikerer minimumspensjon
Om PBL vel å fristille medlemmane sine når det kjem til pensjon, kan det få konsekvensar for dei som jobbar i barnehagane:
– Dette er noko dei gjer for å spare pengar på pensjon. Dette er rett og slett ein måte å gje dei enkelte barnehagane moglegheit til å ikkje være omfatta av tariffavtalen, seier leiar i Lov- og avtaleavdelinga i Fagforbundet, Pål Skarsbak om forslaget som PBL skal stemme over i desember.
Ved obligatorisk tenestepensjon blir det sett av 2 prosent av løna til pensjon. Han understrekar at dette er noko Fagforbundet vil gjere det dei kan for å stoppe.
– Vi kjem aldri til å godta dette. Om dette skulle bli gjennomført og ikkje stoppa, vil pensjonen kunne falle ned til obligatorisk tenestepensjon, som er eit minimum. Det vil bety at pensjonen (delen som kjem frå arbeidsgjevar, ikkje totalsummen ein pensjonist får utbetalt, red.anm.) vil bli i alle fall halvert, seier Pål Skarsbak til Fagbladet.

LIKAR IKKJE: Pål Skarsbak er leiar for Lov- og avtaleavdelinga i Fagforbundet:
Foto: Martin Guttormsen Slørdal
Fryktar fleire konkursar
Kommunikasjonsdirektør Marius Iversen i PBL åtvarar mot at fleire private barnehagar må kaste inn handkledet:
– Manglande dekning av pensjonskostnader er ei vesentleg årsak til at ulike private barnehagar rundt omkring i Noreg no blir tvinga til å avvikle drifta. Og styret i PBL meiner at det er problematisk å forplikte alle medlemmar til pensjonsavtalar som det ikkje er økonomisk dekning for, seier Iversen.
Han seier vidare at kutt i pensjonen vil vere øydeleggande for blant anna rekruttering:
– Det vil definitivt vere eit skritt i feil retning for ein sektor som frå før slit med store rekrutteringsproblem. Og som slit med å trekke til seg seg arbeidstakarar. Men det vil eventuelt vere ein nødvendig konsekvens av at politikarane over tid har stramma inn rammevilkåra for private barnehagar. Og som i dette tilfellet eventuelt ikkje får på plass ei berekraftig løysing for dekning av pensjonskostnader.
Eigarar har henta ut milliardar
Samtidig som mange barnehagar i dag slit med raude tal, har ei lita gruppe blitt svært rike på private barnehagar.
Seks eigarar av barnehagekjeder som har solgt bygga til utlandet har blitt milliardærar.
Milliard-profitten har kome ved at barnehagekonserna tidlegare leigde bygga av seg sjølve. Etter kvart blei bygga seld til utanlandske eigarar med langvarige kontraktar.
Ventar konkursar i barnehagesektoren: – Ikkje gje dei meir pengar
Ein gjennomgang av Fagbladet viser at bygga som blei solgt til utlandet hadde vesentleg høgare leige enn andre.
Streik kan bli aktuelt
Skarsbak i Fagforbundet seier at dei vurderer streik om det blir nødvendig, dersom tilsette i barnehage får dårlegare pensjon:
– Dette kjem vi til å bestride og ta inn til tariffrevisjonen. Om PBL gjennomfører dette og barnehagar går ut av tariffavtalen, vil vi forfølge dei og sørgje for at dei får på plass dei same avtalane som før, seier han.
Han legg til at det er naturleg å sjå kravet i samanheng med forhandlingane på Stortinget.
– Der blir det jobba med forslag som skal dekke dei reelle pensjonskostnadane. Vi skal reforhandle både hovudavtalen og hovudtariffavtalen med PBL i 2026. Der kan vi kome med krav. Den andre vegen er å forfølge dei medlemmane til PBL som ikkje vil la seg binde av tariffavtalen. Der vil vi fremme tilsluttningsavtale. Då er vi tilbake til mekling, blant anna.
– Kan streik i ein eller anna form vere aktuelt?
– Det kan det bli, seier Skarsbak i Fagforbundet.
Blei milliardærar på barnehage. No kan dei få kjempekrav