«Dei drap dei. Det er ingen gud utanom Allah», høyrer ein stemmer seier i bakgrunnen i videoen.

Tungt væpna israelske soldatar står utanfor ein bygning i Jenin på den okkuperte Vestbreidda. Ei gravemaskin held porten til bygningen open. Ut kjem to palestinske menn.

Soldater i kamputstyr er i aksjon utenfor en bygning. En av soldatene peker mot en mann som sitter på bakken. En kjøretøy er parkert i nærheten, og det er synlig rusk rundt området. Hendelsen ser ut til å være en militær operasjon.

Med henda i vêret skal dei to palestinarane ha signalisert at dei overgjev seg.

Foto: NTB

Dei har hendene i vêret og dreg opp T-skjortene, som om dei overgjev seg.

Så skyt soldatane og palestinarane fell om. Begge døyr på staden.

Startar gransking

Det israelske militæret meiner hendinga var del av ei etterforsking.

Det blei først publisert av den egyptiske TV-kanalen Al-raid. Etter at fleire medium har delt videoen, seier Israel at dei vil granske hendinga.

– Hendinga blir granska av befalshavarane på bakken og skal overførast til dei relevante profesjonelle etatane, heiter det i ei fråsegn frå politiet og militæret IDF.

Men dette trur ikkje generalsekretær i Norsk Folkehjelp Raymond Johansen kjem til å få noko reelle rettslege konsekvensar.

– Slik som med alle andre granskingar kjem det ikkje til å skje noko verdas ting, seier Johansen.

Byrådsleder Raymond Johansen intervjuet direkte i NRK Dagsrevyen i forbindelse med skyting og drap på Grønland i Oslo

Generalsekretær i Norsk Folkehjelp Raymond Johansen har ikkje tru på at Israel si gransking kjem til å føre nokon stad.

Foto: Tom Balgaard/NRK

Han peikar på fleire andre liknande hendingar der Israel har brukt gransking som ein måte å vise at dei ser på saka, utan at det får noko effekt.

Det israelske militæret hevdar palestinarane tilhøyrde ein terrororganisasjon i byen og tidlegare hadde kasta eksplosiv og skote mot israelske styrkar.

Ei kjelde i grensepolitiet blir sitert av Haaretz på at ein av palestinarane «prøvde å komme seg opp og gjorde ei mistenkeleg rørsle», og at dei derfor bestemte seg for å skyte.

Vekker reaksjonar

Videoen har spreitt seg gjennom fleire redaksjonelle medium og i sosiale medium.

Johansen er rysta over videoen, men står fast ved at hendinga er langt frå unik.

– Slike ting skjer kvar einaste dag, seier Johansen.

Israel har okkupert dette området sidan 1967. Fleire menneskerettsorganisasjonar har peika på israelske menneskerettsbrot mot palestinarar heilt sidan den gong.

– Også born blir drepne utan at det for rettslege konsekvensar. Det er rettsfridom for desse for gjer slike grove overtramp. Det reagerer eg sterkt på, seier Johansen.

Den tidlegare israelske statsministeren Ehud Olmert seier også at det skjer liknande hendingar kvar dag på den okkuperte Vestbreidda. Det seier han til CNN torsdag.

Olmert er rasande over den auka valden mot palestinarar på den okkuperte Vestbreidda, utan referanse til denne hendinga spesifikt.

– Det er utilgjeveleg. Kvar dag er det busetjarar som går til angrep på uskuldige personar. Aller verst er det at dei brenn ned husa deira, trugar dei og øydelegg oliventrea deira, seier den tidlegare statsministeren.

Den palestinske ambassadøren i Storbritannia, Husam Zomlot, kallar hendinga eit krigsbrotsverk og seier i ei melding på X at ho er del av eit mønster i det okkuperte området.

Interessert i å følge med på det som skjer i verda? Høyr podkasten «Urix» her:

Publisert

28.11.2025, kl. 07.30

Oppdatert

28.11.2025, kl. 08.00