Politi og ambulanse rykka ut til Holevegen på Stord etter melding om at ei kvinne med barnevogn vart rygga på av ein varebil.
Ifølgje politiet ser barnet ut til å vere uskadd, men kvinna har smerter i kroppen etter samanstøyten. Ho er tatt med til Stord sjukehus for sjekk av helsepersonell.
Barnet blir ivaretatt av familien. I tillegg hadde kvinna ein hund med seg som også skal ha fått seg ein «trøkk».
Føraren skal ha snakka med kvinna på staden etter påkøyringa. Vedkommande blei bedt om å vente, men valte likevel å køyre vidare.
Politiet blei etter kvart ringt opp av sjåføren av varebilen og fekk avhøyrd han på politistasjonen fredag føremiddag.
Politiet har tatt beslag i førarkortet. Mannen erkjenner ikkje straffskuld og samtykka ikkje i beslaget.
– Beslaget må så snart som mogleg oppretthaldast i retten, opplyser operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen i Sørvest politidistrikt til NRK.
– Kva bevis har de for å eventuelt oppretthalde beslaget?
– Det er forklaringa både til han sjølv og forklaringa til kvinna og andre undersøkingar og spor i saka, seier Fenne-Jensen.