Saka oppsummert:
• Eierkommunene i Å Energi frykter at batteriselskapet Morrow ikke er bærekraftig og kan påvirke deres utbytte negativt.
• Å Energi har allerede investert 1 milliard kroner i Morrow og gitt et lån på 500 millioner kroner, men har skrevet ned verdien av aksjene med totalt 618 millioner kroner.
• Morrow har hatt utfordringer som nedbemanninger, lederavgang og forsinkelser i kommersiell produksjon, noe som skaper usikkerhet rundt selskapets fremtid.
• Eierkommunene mener smertegrensen for investeringer i Morrow er nådd og ber Å Energi om å stoppe ytterligere kapitalinnsprøytninger.
• Morrow avviser krisestemning og hevder at batteriproduksjonen er i gang med gode tilbakemeldinger fra kunder, samtidig som de ser økt etterspørsel i markedet.
• Å Energi vurderer nå sine investeringer i Morrow, med økt fokus på vannkraft og nettutbygging fremover.
Oppsummeringen er laget av en KI-tjeneste fra OpenAI. Innholdet er kvalitetssikret av NRKs journalister før publisering.
– Verst tenkeleg utfall er jo at dette ikkje er liv laga. At det ikkje er ein marknad for batteri produsert i Arendal.
Det seier Einar Holmer-Hoven (H).
Han er ordførar i Lillesand, og representerer kommunane som eig det største kraftkonsernet i landet, Å Energi.
Selskapet er største eigar i Morrow og har førebels investert 1,3 milliardar kroner i selskapet.
I tillegg har kraftgiganten garantert for 250 millionar kroner i statlege lån.
– Det er uro i kommunane for så store investeringar. Vi ser korleis det har gått med batteriselskap i Noreg og nabolandet vårt Sverige, understrekar Holmer-Hoven.
Morrows batterifabrikk like ved E18 aust for Arendal sentrum.
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK
– Nådd smertegrensa
Å Energi skreiv nyleg ned verdien av aksjane i Morrow med 321 millionar kroner.
Dette kjem på toppen av ei nedskriving på 297 millionar kroner i årsrekneskapen i fjor.
Dette er ikkje noko godt teikn, ifølge Holmer-Hoven.
– Dei ser ikkje at pengane dei har skote inn i Morrow, er like mykje verd. Og det er jo ei bekymring, sjølvsagt.
Morrow har fått mykje merksemd for satsinga sin i Arendal, der også Staten har sprøytet inn milliardbeløp. Her frå et fabrikkbesøk av statsminister Jonas Gahr Støre (Ap)
Foto: Espen Bierud / Espen Bierud
Han seier eigarkommunen kan rammast indirekte dersom kraftselskapet taper pengar på investeringane.
– Det kan gå utover ekstrautbytte vi elles ville ha fått.
Holmer-Hoven oppfordrar styret i kraftselskapet om å sette bremsene på dersom Morrow nå ber om meir kapital.
– Vi på eigarsida synest nok at smertegrensa på dette allereie er nådd, seier han.
– Meir krevjande enn vi trudde
Morrow har hatt ein rekke utfordringar den siste tida.
Selskapet har gjennomført nedbemanningar, ei rekke leiarar har slutta, og oppstarten av kommersiell batteriproduksjon er utsett.
Konsernsjef, Steffen Syvertsen i Å Energi seier til NRK at mykje har endra seg sidan selskapet gjekk inn i Morrow i 2020.
– Det har heilt klart blitt meir krevjande å etablere batteriproduksjon i Noreg enn det vi trudde da Morrow starta. Det gjer at vi nå går grundig gjennom den investeringa.
Steffen Syvertsen i Å Energi innrømmer at investeringane selskapet har gjort i Morrow kan bli vanskelege å få tilbake.
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK
Syvertsen innrømmer at det er mindre håp om å tene pengar på selskapet.
– Nedskrivinga som vi gjorde i tredje kvartal viser at det blir krevjande å få tilbake alt vi har investert.
– Vil de lytte til kravet frå eigarkommunane om å droppe meir kapital til Morrow?
– Vi jobbar tett saman med styret i Å Energi for å diskutere korleis vi skal forhalde oss til dette.
Han legg til at kraftselskapet nå har mest fokus på å investere dei store midlane sine i vasskraft og nett.
Avviser krise
Kommunikasjonsdirektør i Morrow, Naja Boone ynskjer å avdramatisera situasjonen.
Ho seier selskapet er i full gang med å produsere batteri.
Desse har vore testa hos kundar over lengre tid, med gode tilbakemeldingar, ifølge Boone.
– Vi opplever sterkare marknadsforhold, der både nasjonale tryggingsomsyn, og behovet for uavhengige forsyningskjeder, driv etterspørselen etter våre batteri.
Kommunikasjonsdirektør i Morrow, Naja Boone ynsker å avdramatisera situasjonen rundt selskapet.
Foto: Espen Bierud / NRK
– Kva tenker du om at eigarkommunane i Å Energi er usikre på om batterifabrikken i Morrow er liv laga?
– I Morrow arbeidar vi jamt og trutt med å auke presisjonen og kvaliteten i batteriproduksjonen. Vidare skal vi skalere opp produksjonen, seier Boone.
På spørsmål om selskapet vil be om meir kapital frå Å Energi svarer ho:
– Når det gjeld finansieringsspørsmålet har Morrow heile tida sagt at vi vil finansiera selskapet i takt med at vi oppskalerer selskapet.
Publisert
28.11.2025, kl. 05.20