Freden er på veg til Midtausten. Treng vi då å gå i fakkeltog?
I oktober blei partane i Gaza-krigen endeleg einige om ei våpenkvile og ein fredsplan som kan bety slutten på krigen mellom Israel og Hamas. Med desse glimta av lys, tenker du kanskje at det har lite for seg med eit fakkeltog for fred.
Sett frå Gazastripa er det dessverre langt att til noko som minner om fred. Bombene fell framleis over ruinane. Til og med i det Israel kallar «trygge» soner, kan kva som helst skje. Kanskje får du ein evakueringsordre på mobilen din før det smell, kanskje ikkje. Alle i Gaza veit at ingen eigentleg er trygge.
Brota på våpenkvila har så langt teke 300 palestinske liv og nesten 800 er såra. Og i ly av det som skjer i Gaza, kryp krigshandlingane inn over Vestbreidda, der det israelske forsvaret held fram med å rive heimar og tvinge folk vekk frå landsbyane sine. Stadig oftare har fanatiske nybyggarar gått laus på bønder og rasert olivenlundar, med israelske soldatar som tause tilskodarar.
FN sin dag for solidaritet med det palestinske folket er 29. november. Denne solidariteten trengst fordi tusenvis av menneske på Gazastripa enno strevar med det aller meste. Sjølv om Sogndal ligg langt unna Palestina, betyr det mykje at også folk langt vekke viser at dei hugsar på dei og tenker på korleis det går akkurat no.
Kva veit vi om livet i Gaza akkurat no? Ein ting er frykta for å kunne døy når som helst. Ein annan ting er det reint praktiske: Kor skal vi sove, kva skal ungane ete i dag, får vi tak i nok vatn? Vinternettene kan vere kalde for dei mange som har søkt ly i utbomba hus og enkle telt. FNs barnefond reknar med at 85 prosent av familiane i Gaza no bur mindre enn ti meter frå open kloakk eller søppel. Når regnet høljar ned, fløymer det skitne vatnet inn i teltleirane. Såpe og reint vatn finst knapt å få tak i, og både vaksne og barn får hudplager og alle slags unødvendige sjukdommar.
Å samlast til fakkeltog er viktig fordi Israel framleis stenger grensene og hindrar folk i å få livsviktig hjelp. Leger utan grenser melder at over 16 500 pasientar står i kø for å få reise ut og motta medisinsk hjelp. Samtidig held Israel att hjelpesendingar med medisinar, mat og alt det andre som trengst.
Markeringar som den vi held i Sogndal er ein måte vi kan vise avstand til Netanyahu-regimet på og minne om at krigsbrotsverka dei siste to åra må straffast, på begge sider. Sjølv om den israelske hæren har uhyre treffsikker våpenteknologi, har dei sett sjukehus ut av spel, gjort helsepersonell og journalistar til eit mål, bomba skular og universitet og rasert uerstatteleg kulturarv.
I tillegg kjem alle drapa på uskuldige ungar og andre sivile. Svimlande mange har opplevd grufulle ting. Vi har høyrt om kor ung befolkninga på Gazastripa er, og vi hugsar kor intens krigføringa har vore. Kor mange barn og unge som har fått psykiske skader dei siste to åra, kan vi berre tenke oss til. Desse skadene kjem til å sitje i lenge, kanskje resten av livet.
Ja, Norge ligg langt unna Midtausten. Likevel kan vi vise at vi bryr oss. Viss vi verkeleg står for universelle menneskerettar, er det på tide å krevje at palestinarane får leve verdige liv, både i Gaza og på Vestbreidda.
Fakkeltog for fred blir arrangert i Sogndal 29. november av Palestinakomiteen i Sogn i lag med 12 andre organisasjonar.