Spelarane i gult og blått kan snart skape eit aldri så lite fotballmirakel.

Brattvåg kan sikre eit historisk opprykk til 1. divisjon når dei skal møte Moss laurdag.

– Det er kult. Det er stort. Eg har vore i klubben i mange år no og eg veit veldig godt kor mykje dette betyr for både for bygda og dei som er i og rundt klubben, seier midtbanespelaren Tobias Flem.

Tobias Flem, spiller Brattvåg IL

Tobias Flem har trua på at Brattvåg skal klare å slå Moss med minst to mål.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Ekkel stadion

Brattvåg tapte 2–1 for Moss førre helg, men Flem har trua på at dei skal kunne slå Moss på heimebane. Moss har nemleg ikkje vore like gode borte denne sesongen.

Dessutan er Brattvåg stadion litt «ekkel» å komme til, meiner Flem. Stadion er liten og intim, med full trykk på tribunane.

Moss har tidlegare sagt at dei nektar å spele å spele den avgjerande 1. divisjons-kvalifiseringskampen i Brattvåg, fordi dei meinte at bana ikkje innfrir krava til Noregs Fotballforbund sidan den manglar undervarme og automatisk vatningsanlegg.

Noregs Fotballforbund har gitt klarsignal så lenge lys og verforholda er bra.

Fotballspillere trener på Brattvåg Stadion, omgitt av snødekte fjell. Flere spillere er iført treningsklær i blått og oransje. Bakenfor dem er det en moderne tribune med ledelys. Himlingen er delvis skyet, og det er grønt kunstgress på banen.

Moss har klaga på bana til Brattvåg, fordi den ikkje har undervarme og automatisk vatning.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Minste bygda i toppfotballen

Skulle fotballheltane frå Brattvåg rykke opp, vil sunnmørsbygda med rundt 2.500 innbyggarar, vere den desidert minste staden i landet med eit lag i ein av de to øvste divisjonane.

– Det er først og fremst artig at det er mogleg å få til ting på ein svært liten plass. For folk utanfrå er det sikkert litt rart, men for oss som har vore i bobla har vi jobba fram mot dette målet lenge, seier spelar Emil Dahle.

Han trur grunnen til at Brattvåg har nådd så langt er at dei har fått lov til å satse over tid, utan mykje innblanding. Dei har også næringslivet og støttespelarar i ryggen.

Men at det blir tøft på laurdag er det ingen tvil om.

– Vi må stikke fingrane i jorda. Det er eit godt lag vi møter. Vi må vere på vårt aller beste for å gi dei kamp, seier Dahle.

Emil Dahle, spiller Brattvåg IL

Emil Dahle seier at laget har fått jobba med kontinuerleg med satsinga.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Tør ikkje planlegge feiring

Trenar Thomas Pedersen meiner Brattvåg har eit toppnivå som er svært bra. Og spesielt på heimebane er klubben blant dei beste. No er det på tide å ta steget opp til 1. divisjon.

– Berre det å vere med og kjempe betyr mykje, men å kunne rykke opp betyr endå meir, seier Pedersen.

Det er venta fulle tribunar i Brattvåg laurdag, men trenaren tør ikkje planlegge ei eventuell feiring dersom det blir opprykk.

– Det tar vi når det kjem, rett og slett. Det er veldig skummelt å planlegge noko slikt. Det begynner vi ikkje med, seier Pedersen.

Thomas Pedersen, trener Brattvåg IL

Thomas Pedersen er trenar for Brattvåg. Han meiner det er på tide å ta steget opp til 1. divisjon.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Dagleg leiar i klubben, Simon Tomren er glad for vêrmeldinga, med 6 grader og regn.

– Hadde det kome frost og snø, hadde det blitt problematisk å kunne køyre kampen her i Brattvåg. No har vi fått god hjelp frå vêrgudane og vi håper at vi får ei fantastisk ramme her på Brattvåg stadion, seier Tomren.

Simon Tomren, daglig leder, Brattvåg IL

Dagleg leiar i Brattvåg IL, Simon Tomren, er glad for at det blir mildvêr på laurdag.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Her kan du fylgje liveoppdatering av kampen frå klokka 13 laurdag.

Publisert

28.11.2025, kl. 10.51

Oppdatert

28.11.2025, kl. 11.08