Innføringa av Helseplattforma (HP) har gjort det vanskelegare for sjukehuset å rekruttere, noko som gjer at dei som allereie jobbar der må slite endå meir. Vaktene må fyllast, men ei lei rekyleffekt av HP er at det er utfordrande å få tak i vikarar i sentrale stillingar. Tala frå undersøkinga utført av Høgskulen i Volda i vår, er dramatiske: 46 prosent av dei spurte vurderer å slutte i jobben som følgje av innføringa av Helseplattformen. Då er det ikkje lett å lokke til seg kvalifisert spisskompetanse for eit lite sjukehus.
Når nesten halvparten av legane ser seg om etter anna arbeid, snakkar vi om ein rekrutteringskrise under utvikling. Dette handlar ikkje berre om tal og statistikk – bak kvart svar står det fagfolk som opplever at arbeidskvardagen har blitt tungrodd, meir tidkrevjande og frustrerande. Ni av ti har mist tillit til leiinga i helsesektoren.
Langtidseffekten av mistillit og rekrutteringsvanskar er det siste eit lite sjukehus treng.
Tormod Utne
Endå meir uroande er det at 94 prosent fryktar at kostnadane knytt til Helseplattforma kan tvinge fram nedlegging av avdelingar eller heile institusjonar. Då snakkar vi ikkje lenger om hypotetiske problem, men om ein direkte trussel mot sjukehustilbodet i distrikta – med Volda sjukehus i ein særleg utsett posisjon.
Når manglande rekruttering gjer at ein må leige inn ekstra arbeidskraft for å halde hjula i gang, aukar belastninga og kostnadene. Ein får ein vond sirkel der uro, mistru og fråflytting av kompetanse undergrev både arbeidsmiljø og pasienttilbod.
– Vi er i ein alvorleg økonomisk situasjon
Vi er midt inne i ein valkamp der rikspolitikarane så langt berre overflatisk har rørt borti slike spørsmål. Mange av våre lesarar har gått i demonstrasjonstog mot nedlegging og kutt ved sjukehuset. Frykta for at sentralisering skulle kvele tilbodet vårt har til tider vore berettiga. Det paradoksale er at sjukehustilbodet vårt kan bli treft av ei krise, ikkje direkte utløyst av sentrale politiske vedtak, men av følgjefeila som oppsto ved innføringa av eit felles IT-system. Mykje tyder på at både systemet i seg sjølv, samt uroa og mistilliten dette førte med seg blant legar og sjukepleiarar – har gjort vel så stor skade som noko anna. Langtidseffekten av mistillit og rekrutteringsvanskar er det siste eit lite sjukehus treng.
Det er diverre ting som tyder på at dei minste einingane i Helse Midt-Norge er dei som er mest sårbare i «post-Helseplattforma-krisa». Dei langsiktige skadane ved innføringa er farlegast. Dei signala vi fangar opp, virkar ikkje betryggande. Skal vi sikre livskraftige sjukehus, må utfordringane takast på alvor – no. Vi trur det er særs viktig at lokale politikarar set på alarmklokkene og følgjer med for å sikre Ørsta – Volda eit lokalsjukehus også dei neste åra.
Klinikksjef: – Stemmer ikkje med verkelegheita