Saka oppsummert:
- 15 personar blei skotne i eit familieselskap i Stockton, California.
- Fire av dei døydde, medan 11 er skadde.
- Tre av dei døydde var barn på 8,9 og 14 år
- Skytinga skjedde under ein barnebursdag, og både barn og vaksne er råka.
- Gjerningspersonen er framleis på frifot
- Politiet meiner det kan vere ei målretta hending og etterforskar saka.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
Fire personar døydde som følge av skadane.
Dei drepne var 8, 9, 14 og 21 år gamle opplyste styresmaktene søndag.
11 personar er skadde.
Skytinga skjedde i ein barnebursdag i Stockton nord i California i USA.
Stockton er ein by med om lag 300.000 innbyggarar nord i California.
Politiet er på staden og etterforskar saka. Det er ikkje meldt om nokon pågripne.
– Dette er ei pågåande etterforsking. Informasjonen er framleis avgrensa, opplyser sheriffkontoret på X.
Styresmaktene ber publikum om hjelp medan etterforskarar jobbar med å finna gjerningspersonen og motivet for handlinga.
– Tidlege indikasjonar tyder på at dette kan vere ei målretta hending.
Laurdag kveld blei 14 personar skotne i eit familieselskap i California i USA.
– Eg er knust
Både barn og vaksne er råka av hendinga.
– Eg er knust og sint over å høyre om masseskytinga på eit barn sin bursdagsfest, skriv viseordførar Jason Lee på Facebook.
– Ein bursdagsfest skal aldri vere ein stad der familiar fryktar for livet sitt, legg han til.
Ifølgje lokalt politi kan det vere snakk om ei målretta hending.
Foto: Ethan Swope / AP / NTB
– Eg sender mine tankar, bønner og kjærleik til familiane som lir, til barna som var vitne til dette traumet og til alle i byen vår som kjenner på denne smerta, legg han til.
Lee og sheriffkontoret oppfordrar publikum til å varsle dersom nokon har informasjon som kan hjelpe etterforskinga.
Christina Fugazi snakka med pressa like ved åstaden der skytinga fann stad.
Foto: Ethan Swope / AP / NTB
Ordførar Christina Fugazi omtalar hendinga som «uakseptabel».
– Dette er helga for hausttakkefesten. Familiar kjem saman for å feire, dele minne og gi kvarandre kjærleik. Vår by, Stockton, er betre enn denne typen vald, seier ho til pressa.
– Familiar burde vere saman, ikkje på sjukehuset, ståande ved sidan av sine kjære og be om at dei overlever, seier Fugazi.
Så langt i år har det vore minst 380 masseskytingar i USA, ifølgje Gun Violence Archive.
Interessert i meir utanriksstoff? Høyr Urix sin podkast:
Publisert
30.11.2025, kl. 07.14
Oppdatert
01.12.2025, kl. 08.44