Kommunal- og distriktsdepartementet har vedteke å endre kommunegrensa mellom Stranda og Fjord, slik at Liabygda blir ein del av Fjord kommune frå 1. januar 2027.

− Den nye grensa vil gje innbyggarane i Liabygda ein meir føreseieleg og praktisk kvardag med landfast tilgang til kommunesenter, helsetenester, barnehage og skule, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran i ei pressemelding frå regjeringa.

Etter ei utgreiing rådde Statsforvaltaren i Møre og Romsdal i februar 2025 til at Liabygda skulle gå over frå Stranda til Fjord.

Fjord: – Dette handlar om innbyg­gjarane – Ein uting å drive å utveksle bygdelag – Det kom litt brått på