– Vi kan stadfeste at vi har vore i dialog med alle dei ramma kjøpmennene. Vi jobbar no for å sikre omsynsfulle og føreseielege prosessar for alle involverte, og er i dialog med kjøpmennene og huseigarane våre for å finne best mogleg løysingar for begge partar, seier kommunikasjonssjef Sara Ulla Nyquist i Reitan Convenience Norway til HandelsWatch.

25. november vart det klart at Reitan Convenience vil leggje ned 70 Narvesen-kioskar over heile landet fordi kioskane har ført til milliontap over fleire år. Dei fleste av kioskane som blir borte ligg på kjøpesenter.

– Nedleggingsdato blir avtalt i dialog med kjøpmann og gardeigar, og vil variere frå butikk til butikk, seier Nyquist til avisa.

Ho seier likevel at nedleggingane kjem til å skje gradvis frå neste år og ut 2028. Prosessen kan altså ta inntil tre år.

– Vi ønskjer derfor ikkje å gå ut med ei liste over kva butikkar som er ramma før vi har komme lenger i denne prosessen, seier Nyquist.

(©NPK)