Det har vore store utfordringar på sjukehusa etter at journalsystemet Helseplattforma blei innført.
Helsepersonell har kritisert løysingar for å vere tungvint å bruke, dei opplever tekniske problem og at meiner det går ut over pasienttryggleiken.
Sidan oppstarten har Datatilsynet fått mange avviksmeldingar frå Helseplattforma om brot på personopplysningstryggleiken. Dei har difor granska systemet og gjennomført fleire tilsyn.
No konkluderer dei med at Helseplattformen har brote fleire av personvernregelverket sine krav, mellom anna til klare ansvarsforhold og eit dekkande styringssystem.
Direktør i Datatilsynet, Line Coll, seier at det er viktig at feila blir retta opp.
Foto: Martin Gundersen / NRK
Helseplattforma får no varsel om pålegg om å rette opp dette.
– Det viktigaste no er at eksisterande feil blir retta. At mykje har fungert godt nok i praksis, skuldast at aktørane som brukar Helseplattforma – og då særleg helseføretaka – har tatt eit ansvar dei juridisk sett ikkje har, seier direktør i Datatilsynet, Line Coll i ei pressemelding.
Dette er Helseplattformen
Helseplattformen er eit nytt felles pasientjournalsystem og samhandlingsløysing for kommunar, sjukehus, fastlegar og private spesialistar i Midt-Noreg.
Målet er auke kvaliteten i pasientbehandling, betre pasienttryggleiken, få meir brukarvenlege system – og samtidig setje helsepersonell i stand til å utføre oppgåvene sine på ein betre og meir effektiv måte.
Helseplattformen skal bidra til å nå måla i regjeringa si IT-satsing «Èn innbygger – èn journal»:
- Helsepersonell skal ha enkel og sikker tilgang til pasient- og brukaropplysningar.
- Innbyggjarane skal ha tilgang på enkle og sikre digitale tenester.
- Data skal vere tilgjengeleg for kvalitetsforbetring, helseovervaking, styring og forsking.
Trondheim kommune og St. Olav Hospital tok i bruk Helseplattformen i 2022. Helse Møre og Romsdal tok i bruk journalsystemet våren 2023.
Etter dette er det avdekt fleire alvorlege problem, mellom anna annet med informasjonsflyten. Konsekvensane har vore redusert pasienttryggleik og lite effektiv pasientbehandling.
Kjelde: Riksrevisjonen
Går ikkje inn på pasienttilvisingar
Tema for tilsyna har vore ansvarsforholda, styringssystem, tilgangsstyring og avvikshandtering. Datatilsynet har ikkje vurdert forhold som går direkte på pasientane, slik som tilvisingar som ikkje kjem fram.
– Dette har vore alvorlege feil, men dei fell likevel ikkje naturleg inn under vår tilsynsmyndigheit, understrekar Coll.
Datatilsynet meiner at sjølv om Helseplattforma har hatt det fulle dataansvaret både teknisk og organisatorisk, har det i praksis vore uklare ansvarsforhold. Dei meiner det er Helseplattforma som må etablere tiltak som fungerer. Også avvikshandteringa er mangelfull og ikkje tilstrekkeleg strukturert.
Datatilsynet seier at dei overordna funna som går på styring og dataansvar er gyldig for alle aktørane som brukar Helseplattforma, sjølv om dei berre har vore på fysisk tilsyn hos St. Olavs, Melhus kommune og Helseplattforma.
Helseplattforma har frist til 6. januar med å kome med uttale i saka før Datatilsynet fattar endeleg vedtak.
Har retta opp svakheiter
Administrerande direktør i Helseplattforma, Siri Berg, seier at dei tar rapporten på største alvor, og at dei har gjort betydelege grep det siste året.
– Det er viktig å vere klar over at rapporten bygger på eit tilsyn som vart gjort i mai 2024. Det er ein litt anna situasjon vi har no, seier Berg. No skal dei vurdere kva som gjenstår for å svare ut det Datatilsynet etterspør.
Desse tiltaka har Helseplattforma gjort:
- styringssystemet og organiseringa av personvern- og tryggingsarbeidet er videreutvika.
- avvikshandtering er betra, med større vekt på læring
- roller og ansvar er tydeliggjort, både internt og i samspelet med helseføretak og kommunar
- opplæringsstrategien er oppdatert, og samarbeid om felles rutinar og praksis er styrka
Riksrevisjonen gav kritikk
Ni sjukehus i Trøndelag og Møre og Romsdal brukar systemet. I tillegg blir det brukt av helsepersonell i 34 kommunar.
I 2024 gav Riksrevisjonen kraftig kritikk til innføringa av Helseplattformen, og meinte at den har trua pasienttryggleiken. Dei fastslo at systemet var lite intuitivt, komplekst og tidkrevende å bruke.
Planlegginga, organisering og den regionale styringa av prosjektet var for dårleg, ifylgje Riksrevisjonen.
I februar i år stemte Stortinget for om dei skulle vurdere å skrote heile systemet, men det blei nedstemt.
Publisert
02.12.2025, kl. 13.30
Oppdatert
02.12.2025, kl. 14.01