Tysdag ettermiddag informerer norsk politi i ei pressemelding om at det er gjort nye funn i etterforskinga knytt til sakna Oliver Rivedal i Polen.
Polsk politi har sikra videoovervaking og vitneobservasjonar som passar skildringa av Oliver, til ei hending i elva Wisla. Også søkshundar har følgt spor etter sakna til elva.
På bakgrunn av dette trur politiet at den sakna sunnfjordingen kan ha hamna i elva og drukna.
– Familien står i ein veldig krevjande situasjon. Dei har formidla til oss at det var ein vanskeleg beskjed å få, seier politietterforskar Oda Thorstad til Firda.
Sunnfjordingen vart meldt sakna av pårørande laurdag 22. november. Han vart sist observert ved ein utestad i Warszawa, der han var på venetur.
Politiet vil halde fram med å søke etter sunnfjordingen og fortel at dei vil sette i verk alle moglege tiltak for å finne han.
– Politiet i Polen fokuserer søket etter mannen i elva og elvekanten, seier Thorstad.

Les også
Familien vil bidra i søket: Har fått inn over 270.000 kroner
For abonnentar

Les også
Leitar framleis etter Oliver. Politiet får lite info frå Polen

Les også
Det er Oliver Rivedal som er sakna
For abonnentar

Les også
Sakna sunnfjording snakka med kompisar i 05-tida
Les også
Dette gjer polsk politi

Les også
Ung mann frå Sunnfjord er sakna i Polen