– Det er sirkulærøkonomi, at vi brukarar det avfallet langs norskekysten, frå jordbruk, dyrehald, fiskeavfall eller matavfall, seier Bent Martini, administrerande direktør i Havila Kystruten.

Med 200 kubikk flytande biogass på tanken kunne turist- og frakteskipet Havila Polaris legge ut på ei historisk seglas. Dette skal kutte CO₂-utsleppa med 90 prosent.

– Vi har investert over 500 millionar kroner meir enn det vi eigentleg trong på desse skipa. For å gjennomføre det vi gjer i dag, og ikkje minst kunne ta det endå vidare dei neste åra, seier Martini.

Bent Martini, administrerende direktør i Havila Kystruten

Bent Martini, administrerande direktør i Havila Kystruten, er stolt over satsinga på biogass.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Kva er biogass?

Biogass blir danna når organisk materiale, som gjødsel, matavfall, plantarestar, avløpsvatn og anna, blir brote ned av mikroorganismar i oksygenfritt miljø. Biogass består i hovudsak av metan. Ved forbrenning blir CO2 danna og vatn. Sidan råstoffet kjem frå biologisk materiale blir forbrenninga rekna som CO2-nøytral då denne går inn i det naturlege CO2-krinsløpet.

Biogass kan utnyttast til å produsere straum, varme og drivstoff. Dei viktigaste råstoffa (substrata) for biogassproduksjon er:

  • våtorganisk avfall
  • avløpsslam
  • fiskeslam
  • husdyrgjødsel
  • anna organisk materiale

Gassutbyttet er ofte betre når ein kombinerer ulike råstoff.

Husdyrgjødsel og avløpsslam utgjer ei potensielt stor kjelde til produksjon av biogass. Råstoff frå skogbruk er ofte mindre aktuelle til biogassproduksjon på grunn av høgt cellulose- og lignininnhald, som krev meir forbehandling.

Etter at mikroorganismane har gjort jobben sin og produsert metan, sit ein igjen med eit flytande restprodukt kalla biorest. Bioresten er ein næringsrik masse som eignar seg som gjødsel til plantar.

Kjelde: Miljødirektoratet

Han meiner også at potensialet er veldig stort for at fleire kan ta steget, men då må det satsast stort på produksjon langs heile kysten.

Slik situasjonen er i dag vil Havila ha behov for om lag halvparten av den norske biogassproduksjonen for å kunne segle dei fire norske skipa sine gjennom året.

– Biogass Noreg snakkar om at det er råmateriale nok i landet til å auke produksjonen frå dagens 800 gigawatt til 12 terawatt. Det er betydeleg, seier Martini.

– Det går an

– Dette er ein heilt fantastisk tur. Vi er veldig stolte over at Havila tar dette grepet, og viser at det går an å segle utsleppsfritt på kystruta. seier Elise Caspersen, fagansvarleg i Miljøstiftelsen Zero.

Ho trur også turistane vil nyte godt av denne endringa.

– Eg må legge til at det er så deileg å reise med eit så stillegåande fartøy. Ein får nyte kysten og naturen på ein heilt annan måte enn med motordur i bakgrunnen, seier Caspersen.

Elise Caspersen i miljøstiftelsen Zero

Elise Caspersen i miljøstiftelsen Zero meiner turistane vil nyte godt av utsleppsfrie båtar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Dette viser at neste anbodsrunde bør krevje utsleppsfri drift, meiner ho.

– Politikarane jobbar ikkje fort nok. vi har sett at dei har hatt mange gode intensjonar, men når det kjem til stykket har dei trekt seg litt på tampen og ikkje stilt dei strenge krava som dei kunne ha gjort, seier Caspersen.

Vil auke dramatisk

Biogass er det heilt naturlege steget for den maritime næringa for å bli klimanøytral. Det meiner Gunnar Helmen, som er ansvarleg for maritimt sal i Molgas Energy.

– Etterspurnaden er på veg opp, og kjem til å auke dramatisk viss skipsnæringa tar dette i bruk. Men rammevilkåra er ikkje gode nok per dags dato, seier han.

Gunnar Helmen i Molgas Energy

Gunnar Helmen i Molgas Energy utfordrar politikarane

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Helmen hevdar ingen politikarar i rikspolitikken tar dette høgt i dag.

– Vi er veldig seint ute med produksjon i Noreg. Våre naboland har ein heilt annan agenda. I dag så importerer vi svensk biogass fordi vi ikkje har tilgang til nok i Noreg, seier Helmen.

– Hastar det?

– Det hastar, og det er kanskje det eg blir mest frustrert av når det gjeld politikarane våre, er at kvar gong vi møter litt motstand, så er løysinga «la oss utsetje det».

Publisert

02.12.2025, kl. 09.14