Sogndal sin hovudtrenar Luis Pimenta og assistenttrenar Miguel Barata har begge forlengja sine kontraktar med klubben ut 2028-sesongen.
Dei originale avtalane til duoen gjekk ut etter komande sesong.
– Med kunnskap, profesjonalitet og auge for detaljar har utvikling stått i fokus, og ein har tatt steg både sporsleg, men også i det daglege arbeidet rundt A-laget. Sogndal Fotball er difor glade for at dei ønskjer å forlengja avtalane sine, og at dei får halde fram utviklinga ut 2028-sesongen, skriv klubben på sine nettsider.
Dei to portugisarane blei presenterte for første gong på denne tida i fjor, og no blir altså samarbeidet forlengja.
– Sogndal Fotball har trua på at samarbeidet kan føra til at ein tek nye steg sportsleg, og at Luis, Miguel og resten av støtteapparatet er det riktige valet for framtida. Arbeidet inn mot neste sesong er allereie godt i gang, og me gler oss til å sjå karade tilbake i aksjon på nyåret, skriv klubben.