Dei to forbunda ankar dommen i saka om forbud mot deponering av gruveavfall i Førdefjorden. Dei tek med det saka til Gulating lagmannsrett.
Denne avgjersla vart teken på landsstyret onsdag kveld, skriv dei to organisasjonane i ei pressemelding onsdag kveld.
Dette vart avgjort av Naturvernforbundets landsstyre etter ein lang debatt på eit digitalt møte. Sakskostnadane dei to miljøorganisasjonane vart idømt var på 2,5 millionar, og dei peikar på at det også vil bli kostbart å køyre ein ny rettsrunde.
Les også
Jubel på Engebø: Får halde fram med sjødeponi
Men Naturvernforbundet og Natur og Ungdom skriv at dei ikkje var i tvil om å anke.
Dommen fra Sogn og Fjordane tingrett kom 10. november. Denne konkluderte med at det ikkje var sannsynleggjort at fjorddeponeringa ville gje vesentleg skade på fjorden i dei neste seks til tolv månadene.

Les også
I sjokk etter nederlaget
Det er dei to miljøorganisasjonene sterkt usamde i.
– Vi har stor tru på at vi skal vinne denne saka, slik at det blir forbod mot gruvedumping til saka er ferdig behandla, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet i pressemeldinga.