Det har vore ei sann glede å ha Sigve Reilstad som nær og god kollega på Tryggheim.

Sigve kom til Tryggheim i 1999. Då sa han: «Eg skal jobbe her i fem år. Same korleis det blir – eg skal halde ut i fem år.»

Han slutta ikkje frivillig.

Djupe spor hos kollegaer

Desse åra har Sigve sett mange og djupe spor etter seg – ikkje berre som lærar og leiar på helse- og oppvekstfag.

Frå minneboka tilsette har skrive i dei siste dagane, kan ein mellom anna lese følgande omtalar:

«Sigve er ein av dei mest varme, rause, positive og omsorgsfulle menneske eg har møtt.»

«Takk for den du var! Du betydde mykje for oss på drift.»

Det var typisk for Sigve. Sånn veit eg det var for dei på reinhald og kjøkken òg – til dømes denne:

«Du var en SÅÅ snill mann, Sigve. Du er på mitt hjerte. Jeg glemmer deg aldri.»

Ein heidersmann – høgt respektert og høgt elska.

Djupe spor som visjonær

Skulle vi jobba med strategi (strategisk plan eller pedagogisk plattform) – då var det viktig å få Sigve med på laget.

Han var nytenkande, visjonær og alltid klar for nye visjonar.

Det å vere fagleg oppdatert og fokus på misjon, det var viktig for Sigve.

Djupe spor som tilretteleggar

Det var ikkje den ting som ikkje kunne leggast til rette.

Sigve såg sjeldan problem → han ville heller finne løysingane og få ting til å gli.

Ein elev blei gravid – også i denne vanskelege situasjonen blei elev møtt med empati og støtte.

«Hadde det ikkje vore for Sigve, hadde eg ikkje fullført skulen», seier ho i dag.

Djupe spor som diakon

Sigve var Tryggheims Barnabas, som hadde formaningas nådegåve og oppmuntringas nådegåve i tillegg til eit positivt elevsyn.

Han såg potensialet i elevar og kollegaer – og møtte dei med varme, omsorg og oppmuntring.

Sjukdomen øydela ikkje livslysta.

Han var takksam for livet og hadde eit pågangsmot og ei arbeidsglede utan like.

Djupe spor om mat

Sigve var glad i folk og glad i mat.

Eg fekk nyta fleire gode måltid med Sigve på skuletur i Praha og Krakow. Skulebollar og alt med gul krem var eit must.

Djupe spor om tydeleg kristen skule

Sigve heia på det kristne verdigrunnlaget til Tryggheim.

1 Joh 5,12: «Den som har Sønnen, har livet.»

Sigve hadde både kona Liv, og livet.

Den som har Sønnen, har livet.

Vi lyser fred over Sigve sitt gode minne.