Ei rekkje norske aviser og offentlege nettstader gjekk ned fredag morgon som følge av omfattande problem hos internettselskapet Cloudflare. Mellom dei råka tenestene var Altinn, Skatteetaten og Regjeringen.no.

Også Amedia-konsernet – som Firda er ein del av – opplevde nedetid. Derfor var det i ein periode ikkje mogleg å komme inn på Firda.no eller i Firda-appen for å lese nyheiter.

Cloudflare, som blir nytta av millionar av nettstader verda over for å handtere stor trafikk og gi vern mot digitale angrep, stadfesta tidleg at dei arbeidde med å løyse feilen, ifølge VG.

Dette er den andre gongen på få veker at selskapet opplever større driftsproblem.

Rundt klokka 10.15 fredag føremiddag byrja fleire av dei råka tenestene gradvis å fungere igjen. Firda var blant nettstadene som vart tilgjengelege att på dette tidspunktet.