Skal du forstå norsk politikk kjem du ikkje unna å ta innover deg motsetninga mellom sentrum og periferi.
Begrepsparet som vart introdusert av Stein Rokkan, sjølve gudfaren ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, har vore den mest sentrale forklaringsmodellen på politiske prosessar i Norge dei siste 70 åra.
Lurer du på kvifor nordmenn sa nei til EU, kvifor den folkelege motstanden mot vindkraft er så sterk, kvifor den økonomiske skeivfordelinga innan samferdsle og kultur provoserer så mange, kvifor norske rikspolitikarar ikkje greier å legga ned norske småkommunar, og kvifor nedlegginga av ein vidaregåande skule i Lom var ei av dei mest omtalte politiske sakene i Norge i fjor?
Jo, det handlar om at motsetjingane mellom sentrum og periferi kanskje er den aller mest kraftfulle dimensjonen i norsk politikk.

Ine Marie Eriksen Søreide får med seg Ola Svenneby som nestleiar i Høgre, om nominasjonskomiteen får viljen sin.
Foto: Terje Pedersen
Derfor var det nesten ikkje til å tru då Arbeidarpartiet plukka ut den noverande partileiinga si.
Jonas frå Oslo, Tonje frå Jessheim, og Jan Christian som har budd i Oslo sidan han var eitt år gammal, vart nemleg plukka ut til å leia partiet som ein fekk gjennombrotet sitt med slagordet «By og land, hand i hand».
Legg til Espen og Jens frå Oslo, som stort sett får det som dei vil, og du har ei maktfordeling som ikkje berre grensar til det komiske, men som faktisk er direkte tragikomisk.
I eit land der geografi er heilt essensielt for folk sine politiske preferansar, skulle ein tru at alle andre parti ville utnytta ein slik generaltabbe.
Men, neida. Då lekkasjane fredag pipla ut frå nominasjonskomiteen i Høgre, såg det ut til at Høgre har tatt mål av seg for å vera minst like lite representative som kameratane på Youngstorget.

Toppleiinga i Arbeidarpartiet hand i hand på Slottsplassen. Tonje Brenna frå Jessheim er distriktsalibiet i den mangfoldige gjengen.
Foto: Lise Åserud
Når Ine Marie frå Lørenskog skal verta partileiar, meiner nominasjonskomiteen at det er smart at Henrik frå Bærum og Ola, som var partiet sin 5.-kandidat i Oslo, er dei naturlege nestleiarane. Begge er ein del av den ultimate prateklassen i papirtigerstaden, og begge har vore med på reality-progrm på tv.
Joda. Det er mogleg å komma med nokre innvendingar, her. Den mest iherdige partikaninane i Ap vil sikkert hevda at Jan Christian Vestre vitterleg vart fødd i Haugesund. Beklagar. Den må du, lenger ut på landet med.
I Høgre har ein heilt rett i at Ola Svenneby vaks opp i Våler i Hedmark. Joda. Det er definitivt nord for Sinsenkrysset, men slettes ikkje nok til å berga den geografiske kredibiliteten.
Dersom det ikkje fram mot den endelege avgjerda skjer eit distriktspolitisk opprør i Høgre, forstår eg ingenting.
I partiet som alltid er så opptekne av at samfunnet skal byggast nedanfrå og opp, er det minst like skadeleg som i Arbeidarpartiet at partileiinga fullstendig manglar geografisk representasjon.
Det manglar ikkje aktuelle kandidatar. Både Peter Christian Frølich frå Bergen og Erlend Svardal Bøe, som er valt inn for Troms, og oppvaksen i Sogn og Fjordane, hadde gitt partileiinga meir enn eit snev av geografisk truverd.

Peter Christian Frølich er ikkje ein del av nominasjonskomiteen sitt forslag til ny toppleiing i Høgre.
Foto: Terje Pedersen
Kanskje vil dei ikkje. Kanskje vil ikkje partiet. Uansett. Det er ekstremt pinleg for partiet.
At sentrale krefter i både Arbeidarpartiet og Høgre bommar så fundamentalt på analysen av norsk politikk er oppsiktsvekkande, og ei gåvepakke til andre parti. Særleg Framstegspartiet og Senterpartiet som profitterer grovt på at Ap og Høgre klumpar seg saman i sentrale strok.
Veljarane har nemleg fått med seg at dei to tradisjonelle styringspartia likar seg best i sentrum. Både politisk, men òg geografisk.
Ei enkel analyse av valresultatet viser nemleg at dei to partia i større og større grad har eit geografisk problem, som kan forklarast med sentrum og periferi.
I stortingsvalet denne hausten greidde nemleg ikkje Høgre å verta største parti i ein einaste kommune langs kysten mellom Aust-Agder i sør og Finnmark i nordaust. Oslo var det einaste valdistriktet der partiet greidde å verta det nest største partiet.
På kommunenivå var det oppslutninga i Bærum, Asker, Oslo og Bergen som hindra Høgre frå fullstendig kollaps. Me snakkar om det nærmaste ein kan komma sentrum på den norske sentrum-periferi-aksen.
Arbeidarpartiet, på si side, redda regjeringsmakta takka vera oppslutninga i dei største byane.
Valresultata på Vestlandet er ganske illustrerande. Medan Arbeidarpartiet vart største parti i Bergen og i Stavanger, gjorde Framstegspartiet nærmast reint bord i omlandskommunar og langs gullkysten mellom Gulen og Jæren.
At Høgre og Arbeidarpartiet gjorde det best i sentrale strok handlar sjølvsagt ikkje særleg mykje om kven som sit i partileiinga. Hadde det vore tilfellet burde ikkje Ap ha gjort eit ok val i Bergen.

I dag vert Norge styrt av ein gjeng med austlendingar.
Foto: Javad Parsa
At ingen av dei to tradisjonelle styringspartia bryr seg om geografisk representasjon i toppleiinga si, fortel likevel ein heil del om at dei to partia ikkje er opptekne nok av kor viktig denne dimensjonen er i norsk politikk.
Dei neste åra kjem nemleg til å verta ei skjebnetid i norsk politikk. Medan Vestlandet spesielt, og kysten generelt, genererer verdiskaping og eksportinntekter til den norske staten, har Stortinget velsigna ei storstilt sentralisering i kor dei offentlege pengane vert brukt.
Om du var i tvil: Dei store investeringane innan kultur, offentlege bygg, og samferdsle skjer i nabolaget til dei som sit i partileiinga i Høgre og Arbeidarpartiet.
Om denne sentraliseringspendelen får halda fram, vil ein svekka det enorme verdiskapingspotensialet langs kysten i vest og nord. Det er naivt å tru at dei austlandstunge partileiingane vil bety noko anna enn austlandsk politisk slagside.
Det norsk politikk treng er politikarar som greier å gjera noko med denne utviklinga. Som faktisk ønsker å spreia makt.
Signalet frå Høgre og Arbeidarpartiet er: Me kunne ikkje brydd oss mindre om maktspreiing. Me fordeler makta mellom oss der makta er sterkast, me.