Brannvesenet meldte om røykutviklinga om bord i ferja «Suløy» klokka 13.46.
Like etter klokka 16 laurdag melder politiet at dei opprettar ei formell politisak.
– Vi fekk melding om røykutvikling og at brannalarmen hadde gått inne i maskinrommet på eit høgspentrom, seier Paul Ola Vestre, ved 110-sentralen i Møre og Romsdal.
– Vi fekk fort avklart at et ikkje var batterirommet det var snakk om, legg han til.
Ferja og dei som var om bord måtte bli evakuert som følge av dette, fortel Vestre
Politiet opplyser at det ikkje skal ha vore opne flammar på staden, men røykutvikling i eit traforom i ferja.
Ferja går normalt på straum frå batteri, men har biodiesel som reserveløysing. Den blei bygd i 2019.
Ferja er innstilt
Mannskap frå brannvesenet er om bord i ferja. Også politiet er på staden.
– Det blir jobba med å få høgspentrommet straumlaust slik at vi kan gå inn og får kontrollert kva som skjer der, seier Vestre.
Klokka 14.40 opplyser politiet at ein elektrikar skal vere på veg til staden for å hjelpe til med å kutte straumen.
Brannvesenet opplyser at det ikkje er meldt om personskadar.
Ferja går til vanleg i sambandet mellom Hareid og Sulesund.
A-ferja i sambandet er innstilt som følge av dette, melder Fjord1.
Christiane Marlén Brevik var ein av dei som var om bord i ferja. Ho uttalte seg først til Sunnmørsposten.
Til NRK fortel ho at ferja skulle til å gå frå Hareid til Sulesund då dei blei evakuerte.
– Eg skulle berre ein kjapp tur over med ferja for å hente ein katt då vi fekk beskjed om røykutviklinga. Det var ikkje noko særleg dramatikk, seier Breivik.
Dei kom seg så av ferja og såg ingen teikn til røyk på staden.
Etter kvart kom ho seg vidare med B-ferja i sambandet.
Publisert
06.12.2025, kl. 14.02
Oppdatert
06.12.2025, kl. 16.38