Rederiet Fjord1 vart i 2023 selt til fonda DIF Capital Partners og EDF Invest.
No skriv Bergens Tidende at dette salet gav dåverande konsernsjef, Dagfinn Neteland, 36 millionar kroner i bonus. Dette skal han ha fått for å sikra salet, skriv avisa.
Bonusen plasserer seg oppå ei lønn på 4,4 millionar kroner, samt ein annan bonus på 2,2 millionar. Medrekna salsbonusen vert dermed utbetalinga frå Fjord1 heile 43 millionar i fjor.
Neteland ønskjer sjølv ikkje å kommentere bonusen.
Då salet vart gjennomført, uttalte hovudeigar Per Sævik i Havila Gruppen i Møre og Romsdal at formuesskatten gjorde det vanskelig å drive fra Norge, og at dette hadde vore med å utløyse salet.
Sjølve salssummen er ikkje kjent, men ifølgje Dagens Næringsliv skal dei to utanlandske fonda skal ha kjøpt ferjeselskapet for mellom 5 og 7,8 milliardar kroner.