Første scoring på Jæren kom etter 12 minutts spel. Så kom 0-2-målet. Målscorar begge gonger var Mathias Christensen.

Aalesund, for anledninga i svarte drakter, gjer livet surt for jærbuane søndag. Det er klasseforskjell på dei to laga.

Bryne og AaFK møter kvarandre til den første av to kvalifiseringskampar for å avgjere kven av dei som får spele i Eliteserien neste år.

Ikkje lenge etter at halvtimen var spelt kom Aalesund si tredje scoring. Paul Ngongo sette straffesparket i mål.

Like etterpå ordna Henrik Melland ei perlescoring. Dermed hadde Aalesund sett inn fire mål før pausen. Bryne fekk lite til i førsteomgangen.

Et fotballspill pågår, med spillere i fargede drakter. En spiller (i svart) hopper for å heade ballen mot mål. Målvakten (i grønn drakt) prøver å fange ballen. Det røde bakteppet inkluderer deler av stadion og tilskuere. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Mathias Christensen set inn sitt andre mål for dagen.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Eliteserielaget Bryne unngjekk direkte nedrykk i årets sesong, men hamna på ein 14. plass.

Dermed må dei spele kvalifiseringskampar for å behalde plassen i den øvste ligaen i fotball.

Et publikum heier entusiastisk fra tribunen under en fotballkamp. Mange av tilskuerne er iført supporterklær i fargene til laget. Noen holder opp skjerf, mens andre applauderer. En banner med teksten "Aalesunds" er synlig på tribunen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Aalesund-fansen kunne juble nesten kontinuerleg gjennom den første omgangen.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

1. divisjonslaget AaFK enda på ein fjerdeplass i årets sesong. Sidan har dei vunne over både Egersund og Kongsvinger i kvalifiseringskampane. Bryne er siste hinder.

Bryne rykte opp frå 1. divisjon førre sesong, men risikerer no altså å rykke rett ned igjen.

Aalesunds FK har også hatt fleire rundar i Eliteserien, seinast i 2023.

Blir avgjort på torsdag

Dette er den første av to kvalifiseringskampar. Returoppgjeret blir spelt i Ålesund 11. desember.

Vinnaren samanlagt spelar i Eliteserien 2026, medan taparen spelar i 1. divisjon neste sesong.

Publisert

07.12.2025, kl. 15.54

Oppdatert

07.12.2025, kl. 18.15