– Veka startar med mykje regn på Sør- og Austlandet, men så vil det endre seg, heiter det i ei oppdatering frå meteorologane i Meteorologisk institutt.
Dei fortel at regnet hamnar på vestsida av fjellet resten av veka.
– Det betyr at bergensarane må hente fram paraplyen. I mellomtida kan austlendingane tørke seg, heiter det i meldinga.
Vidare blir det rapportert om at det vil komme snø i Sør-Noreg, men berre i fjella.
Din nettleser støtter ikke innbygging av eksternt innhold
Nordover i landet startar det mildt i Nordland, og kaldt i Finnmark.
– Det blir gradvis kaldare i heile landsdelen fram mot helga, men så tek mildvêret tak og spreier seg nordover i Nordland, skriv meteorologane.
Dei varslar om ein god del regn sør i Nordland, medan det andre stader blir høve til å kikke etter stjerneteikn og nordlys.
(NTB)
Publisert
08.12.2025, kl. 13.11