– Arbeidsdagen byrjar i senga. Eg har ein dårleg vane med å sjekka e-post med ein gong eg vaknar, men eg er ingen morgonfugl, seier Mathilde Meraki Ypsøy.

NH møter den idé- og suksessrike regissøren, som mellom anna står bak dokumentarserien «Øya» frå Ypsøy kystgard, heime på Moldekleiv.

Kvardagane hennar er langt frå A4. Ho er ein av dei som klarer seg som frilansar i ein tøff bransje.

For sju år sidan hadde Ypsøy ein kontorjobb som saksbehandlar i Skyss, der ho treivst godt. Men etter å ha stilt opp som skodespelar i ein kortfilmproduksjon var det ingen veg tilbake.

– Eg fekk blod på tann og slutta i den trygge jobben og reiste til Oslo for å kursa meg i skodespelarfaget.

I starten gjorde ho mykje ubetalt, men etter kvart rann jobbane inn. Under pandemien sa det likevel stopp. Ho måtte tenkja nytt, og den sjølvlaga kortfilmen i alle ledd «Karantenehotellet» vart hennar første steg inn i regiverda.

Ypsøy gir regi til skodespelar Kyrre Haugen Sydness under innspelinga av kortfilmen FALL. – Å vere på sett er den beste staden i verda, seier ho.
Foto: Privat

– Ein lever frå jobb til jobb

I dag jobbar Ypsøy som filmskapar. Det gjer ho stort sett heime frå Moldekleivmarka. Ikkje åtte til fire, men bolkevis og mykje. Helst etter ein roleg morgon og ein god kopp kaffi.

Ein arbeidsdag på heimekontor kan innehalda alt frå research, intervju og ringjerundar til manusarbeid og søknadsskriving.

– Eg trivst med å jobba heime, men har jo også behov for å treffa folk. Både for det kollegiale og det kreative, seier ho.

I desse dagar jobbar regissøren med fleire film- og serieprosjekt parallelt.

– Det er travelt, men likevel eit privilegium. Eg har vore i situasjonar der eg har stått utan jobb. Og det er mykje verre enn å ha litt for mykje på gong.

Ypsøy er oppteken av å ikkje skjønnmåla frilanstilværet. Ho fortel at den er uviss, og at ein lever frå jobb til jobb. Alt er prosjektbasert.


Pådrivar og optimist

For å få rom til å vera frilansar jobbar Ypsøy i ein avlastingsbustad ei helg i månaden.

– At det er så konsentrert på ei helg i månaden passar veldig bra. Det gir meg mykje spelerom, seier ho.

– Eg er alltid optimistisk når eg går inn i nye prosjekt. Målet er at dei skal bli realiserte og ferdige. Frå eg kom inn i bransjen har eg jobba veldig mykje.

Og realisert blir ideane til Ypsøy. I løpet av få år har ho laga fire kortfilmar, ein miniserie og ein dokumentarserie. Ho har vunne prisar og stipend. Alt ho har gjort er med utgangspunkt i Nordhordland.

Frå innspilling av kortfilmen FALL.
Foto: Privat

Historier frå Nordhordland

– Korleis skal ein få folk i byane til å vilja sjå på folk frå bygda?

Spørsmålet har Ypsøy stilt seg mange gonger. No er det kanskje meir relevant nokon gong. Ho jobbar for tida med utvikling av serien «Bygdegut». Den handlar om unge vaksne menn som vel å bli på bygda når mange rundt reiser bort.

– I min førre dokumentarserie, «Øya», hadde eg tilgang til eit miljø. Men no må eg finna det som utanforståande. Gå aktivt inn og gjera research. Det er eit nytt type arbeid, men noko eg trivst veldig godt med, fortel filmskaparen.

I tillegg jobbar ho med idéutvikling til ein dramaserie for barn med utgangspunkt i Nordhordland saman med idéhavar og manusforfattar Ylva Fyllingsnes. Nesten alt Ypsøy har laga har ho gjort i kjende omgivnader.

– Eg gjer det sjølv om det kostar. For kvar kilometer eg tek eit filmcrew ut av byen kostar det pengar. Men eg må laga filmane mine slik eg har sett det for meg. Referansane mine er her ute, seier ho.

Ypsøy peikar på viktigheita av å auka mengda kunst- og kulturverksemd i distriktet, og avhengnaden av støtteordningar.

– Eg vil jobba her. Eg trur veldig sterkt på viktigheita av å få fram andre perspektiv enn dei frå oslogryta. Me herfrå kan fortelja andre historier.

Frå heimekontor med macen på fanget føregår alt forarbeidet til innspelingane.
Foto: Lovise Espeland

– Film er langdryge prosjekt

Sjølv om Ypsøy lever både for og av film, har ho mange jern i elden, og ein litt utradisjonell bakgrunn til filmskapar å vera. Det kan vera ein fordel, trur regissøren.

– Eg kom inn i bransjen som voksen med to barn og bakgrunn frå ulike jobbar. Eg er utruleg vand med skriving frå jobben som saksbehandlar, og har mykje erfaring med menneske frå jobb i avlastingsbustad og som troppssjef i sivilforsvaret.

All erfaringa har rusta Ypsøy til å tola avslag og skuffelsar, som det er mange av i filmbransjen, og til å ha respekt for prosessen.

– Dersom det einaste målet for auget er den store filmen og den raude løparen, trur eg ikkje ein kjem så langt.

No har Ypsøy fleire prosjekt ho jobbar med i samarbeid med Fotspor Film og Goodtime Pictures. Når ho går inn i noko nytt veit ho at ho skal jobba med ideen og teamet rundt i fleire år.

– Film er langdryge prosjekt. No har eg fleire ting på gong, men neste gong kan det vera meg som står utan jobb. Eg er veldig takksam for å få halda på med dette.

På Meieriet Frekhaug arrangerte Ypsøy ein filmkveld tidlegare i desember.
Foto: Lovise Espeland

Kortfilmkveld

Når ein driv med kortfilm slik Ypsøy gjer, er visningsstadene vanlegvis andre enn hos tv-kanalar, strøymetenester og kinoar, stader folk flest ser film.

– Mange har spurt kvar dei kan sjå kortfilmane mine. Dei har vore på festivalar i heile verda. Likevel er dei ikkje tilgjengeleg for naboen, seier filmskaparen. Difor bestemde ho seg for å arrangera ein kortfilmkveld med visning av eigne kortfilmar.

På Meieriet Frekhaug viste ho tidlegare denne veka fire filmar, og fortalde om prosessen rundt i samtalar leia av Vegard Flatøy. I løpet av filmframsyninga fekk publikum servert ein komedie, ein kortdokumentar, ein eksperimentell film og eit psykologisk drama.

– Eg har ikkje låst meg til ein sjanger, men lagar det eg vil. Så lenge eg fortel historier som får meg til å kjenna noko, har eg gjort noko rett, avsluttar Ypsøy.

Mathilde Meraki Ypsøy i samtale om filmane hennar med Vegard Flatøy.
Foto: Lovise Espeland