– Det er ei skikkeleg rotbløyte på gong.

Siri Wiberg, vakthavande meteorolog på Meteorologisk institutt, slår fast det farsevarsla og gjer:

Dei neste to dagane skal det bøtte ned. Det er derfor sendt ut gult farevarsel om flaumfare og jord- og flaumskredfare i Sunnfjord. Det er restane av ei «gåve» frå Storbritannia, døypt Bram. Uvêret herjar over dei britiske øyane tysdag kveld.

– Nei

– Så det er ikkje mykje vinteraktig i Sunnfjord framover. Sjølv om de kanskje ikkje er så vand med vinter alltid uansett.

– Men vi kan jo ønske oss det …

– Ja, det er lov å ha på ønskelista. Men det blir vått, ja, humrar Wiberg.

– Er det håp fo …

– Nei.

– … r kvit jul?

– Hehe. Alle spør. Men nei. Det ser veldig mildt ut. Det skal godt gjerast, då må noko vi ikkje ser i korta no skjer. I fjellet i Sogn og Fjordane er det sjølvsagt moglegheiter, og andre kaldare stader, så ikkje gi heilt opp, svarar Wiberg.

Men neppe langs kysten eller i Førde, altså.

Då er det meir håp for til dømes jølstringane innover i romjula. Men då begynner meldingane å bli så usikre at Wiberg ikkje vil gjere håpet om kvit jul for store.

Viking tok gull, men no kjem dritvêret

Det første først:

Dei neste par dagane blir vindfulle og våte.

– Austavinden i forkant av vêrfronten som kjem no vil ta seg opp i løpet av natt til onsdag, til stiv kuling utsette stader. Så dreier vinden til sør/sørvest i morgon tidleg, aukar på og gir pågåande regn og regnbyer. Temperaturen vil stige i løpet av natta, seier Wiberg.

Det blir opp mot ti gradar i Sunnfjord. Nedbøren vil ligge på mellom 20 og 40 millimeter i døgnet. Trøysta får vere at Rogaland får det verst.