SISTE: Oppryddingsarbeidet er i gang. Vegen blir opna for styrt trafikkavvkling i eitt felt frå klokka 16.00, melder Vegtrafikksentralen klokka 13.38. Men det vil bli ein del ventetid.

Det har gått eit steinsprang mellom Sivletunnelen og Stalheimtunnelen på E16 mellom Voss og Aurland, melder Statens vegvesen søndag morgon.

Skredet gjekk i 10-tida og vegen er stengd som følgje av dette.

– Det har kome ned nokre steinar som er om lag tre gonger så store som ein fotball, fortel trafikkoperatør Andreas Herland på Vegtrafikksentralen.

– Det var trafikantar som køyrde der og såg det som melde frå til oss.

Ingen skal ha blitt trefte av steinane.

Det er uvisst kva tid vegen kan opna att.

– Entreprenør er sendt til staden og me ventar på tilbakemelding frå dei.

I ei oppdatering klokka 11.18 melder Vegtrafikksentralen vest at geolog er på veg til staden og at det blir ny vurdering klokka 14.00.

Omkøyringsveg er via rv 13 Vikafjellet. Trafikantar som skal køyra mellom Austlandet og Vestlandet bør vurdera rv7 Hardangervidda eller E134.

Tidlegare denne veka gjekk det eit steinsprang i same område.

Sogn Avis oppdaterer saka