Nedlegginga av seks skular og skulestader i Innlandet vekte sterke kjensler og politisk strid i fjor.

Difor var det stor stas og høgtid då lokal eldsjel og styreleiar Hanna Skjåkødegård til applaus frå hundrevis av frammøtte – opna den nye Jotunheimen privatistskule i Lom måndag morgon.

Det betyr eit vidaregåande skuletilbod for elevar som elles måtte ha reist lange avstandar til andre skular – og at tidlegare tilsette på vgs. i Lom – får jobbe i same bygg som dei mista den tidlegare jobben sin.

Var fortvila

Liv Mona Jonsgaard blir kontaktlærar for vg3-elevar på den nye skulen.

– Det er lenge sidan eg har vore so glad. Dette er ikkje til å tru. No viser vi verkeleg fram kva som bur i oss oppi her, seier Liv Mona Johnsgaard til VG tidleg måndag morgon.

Røysta og ansiktet hennar syner at ho er bevega. Men det er gledestårer denne gongen.

HAUSTEN 2024: Lærar Liv Mona Jonsgaard såg ikkje føre seg anna alternativ enn arbeidsløyse etter nedlegginga av arbeidsplassen hennar, vgs. i Lom.  Foto: Line Møller / VGHAUSTEN 2024: Lærar Liv Mona Jonsgaard såg ikkje føre seg anna alternativ enn arbeidsløyse etter nedlegginga av arbeidsplassen hennar, vgs. i Lom. Foto: Line Møller / VG

VG møtte henne etter at politikarane hadde signalisert nedlegging i fjor haust, var ho fortvila:

– Eg ser ikkje anna alternativ enn å bli arbeidslaus. Vi er gardbrukarar. Vi har ungar. Mange har husdyr. Vi kan ikkje sitje tre timar i bil dagleg for å jobbe i Otta eller på Vinstra, sa Jonsgaard.

Ho slapp tårer og kjensler laus då også.

Måndag morgon er stemninga mykje lysare.

Tidleg følgde ho sjetteklassingen sin til skulen i heimbygda Skjåk. Så bar det rett til den ny-gamle arbeidsplassen på Jotunheimen privatistskule. Den ligg i nett same bygget som der gamleskulen vart nedlagt.

– Eg tok beslutninga i mai. Då vart eg så sikker på at dette var rett, då vart eg med vidare, skildrar læraren om korleis ho fekk den nye jobben.

HØGT OPPE: Styreleiar og primus motor for Jotunheimen privatistskule, Hanna Flækøy Skjåkødegård var heilt i hundre under skuleopninga måndag morgon.I bakgrunnen: folk frå fjern og nær og fjellet Lomseggen.  Foto: Line Møller / VGHØGT OPPE: Styreleiar og primus motor for Jotunheimen privatistskule, Hanna Flækøy Skjåkødegård var heilt i hundre under skuleopninga måndag morgon.I bakgrunnen: folk frå fjern og nær og fjellet Lomseggen. Foto: Line Møller / VG

Klokka ni klypte styreleiar Hanna Flækøy Skjåkødegård snora, og skulen vart høgtideleg opna.

Den er eit plaster på såret etter at dei fekk nei frå fylkestinget til å opprette ein fullverdig privatskule.

Lokale krefter har sponsa skulen med over 65 millionar kroner.

– Gir det offentlege oss godkjenning, skal vi fikse resten sjølv, sa Skjåkødegård til langvarig ståande applaus i fleirbrukshallen i Lom etter skuleopninga.

HOLDT TALE: Tilde Bergheim Kveum (15) var litt nervøs før talen hun holdt for hundrevis av fremmøtte i flerbrukshallen i Lom.HOLDT TALE: Tilde Bergheim Kveum (15) var litt nervøs før talen hun holdt for hundrevis av fremmøtte i flerbrukshallen i Lom.

Elevane, mange i bunader, sat fremst i idrettshallen. Tilde Bergheim Kveum (15) frå Skjåk har sin første dag på vgs måndag. Ho heldt ein liten tale til fleire folk enn ho hadde førestilt seg.

– Det vart jo ståande applaus og greier, så det var skikkeleg triveleg. Eg har vore klar lenge på at eg ville starte på denne skulen. Eg likar meg i bygdene her, og likar å bu heime. I talen min så vektla eg at det var nokre parti som ikkje ville høyre oss. Det hadde eg god grunn til å nemne. Men no er eg mest glad for å byrje på denne skulen, seier Tilde til VG.

Bilde av Tor Olav MundalTor Olav Mundal

Tidlegare rektor ved vgs. i Lom – no rektor på Jotunheimen privatistskule i Lom.

Rektor Tor Olav Mundal, som også var rektor på den nedlagte vgs-skulen i Lom, sa i sin tale at null skule i Lom ville bety fleire ungdommar som aldri ville starte på vgs.

– Eg kan med rimeleg stor tryggleik gå inn på klasselistene og seie at den og den hadde ikkje starta – den og den hadde ikkje fullført, dersom Jotunheimen skule ikkje hadde blitt starta, sa Mundal.

Ei rekkje av Noregs fremste politikarar er inviterte til opninga. Både Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, Emilie Mehl (Sp) og Frp-leiar Sylvi Listhaug deltek. I tillegg: Bjørnar Moxnes frå Raudt, Grete Wold frå SV, lokale ordførarar, lærarstaben og sjølvsagt elevane ved den nye skulen.

Foto: MEHL PÅ PLASS: Emilie Enger Mehl (Sp) (i kvitt) har kjempa mot skulenedleggingar i Innlandet. Ho møtte opp i idrettshallen under opninga av Jotunheimen privatistskule saman med hundrevis av andre.Foto: MEHL PÅ PLASS: Emilie Enger Mehl (Sp) (i kvitt) har kjempa mot skulenedleggingar i Innlandet. Ho møtte opp i idrettshallen under opninga av Jotunheimen privatistskule saman med hundrevis av andre.

Tidlegare statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg kom ikkje. Statsminister Jonas Gahr Støre og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) prioriterer skulestart på Østensjø i Oslo i staden.

– Skuffa over Ap

Ap og Høgre var saman med MDG dei tre partia i Innlandet fylkesting som utgjorde eit knappast mogeleg fleirtal for å legge ned dei vidaregåande skulane i Innlandet.

Dei tre partia ville heller ikkje godkjenne Lom-skulen som ein fullverdig privat vidaregåande skule med statsstøtte – då denne saka var til handsaming i fylkestinget i vår.

Lærar på både den nedlagte og nye skulen i Lom, Liv Mona Jonsgaard, er spesielt skuffa over Arbeidarpartiet, som ho sjølv har vore medlem av i årevis.

ENORMT FRAMMØTE: Hundrevis av frammøtte tidleg ein måndags morgon under opninga av Jotunheimen privatistskule i Lom. Fleire hadde med seg flagg.  Foto: Line Møller / VGENORMT FRAMMØTE: Hundrevis av frammøtte tidleg ein måndags morgon under opninga av Jotunheimen privatistskule i Lom. Fleire hadde med seg flagg. Foto: Line Møller / VG

– Eg er skuffa over at ingen av dei mest framtredande politikarane frå Ap kjem hit. Eg kjem frå ein Arbeidarparti-familie sjølv. Dei kunne godt ha kome hit og høyrt, sett og prata med folk her, seier Jonsgaard.

Ho er ikkje medlem i partiet lenger.

Både Lom og Skjåk Ap er i praksis lagt ned etter skulestriden i Lom og Innlandet.

Erna Solberg har sagt til VG at ho forsvara skulenedleggingane, medan Støre og Nordtun ikke har ønske å blande seg inn i Innlandet fylkesting sitt ansvarsområde.

Foto: Line Møller / VGFoto: Line Møller / VG