– Det er ingen tvil om at det er lettare å få nye leigetakarar på Amfi Florø enn tidlegare. Vi har opparbeidd oss eit godt rykte, og det hjelper sjølvsagt med å få inn tunge merkevarer som Normal, Dressmann og Burger King, som blei ein del av familien vår i fjor.

Det seier seier senterleiar Dani Winther. Han vil ikkje gå ut med kven som endar opp som nye leigetakarar på senteret enn, til det er prosessane og forhandlingane i ein litt tidleg fase.

Lokalet kan bli delt

– Eg kan seie så mykje som at det er sterke merkevarer, og at vi kanskje kjem til å dele opp lokalet.

Når det gjeld Black Week og årets julehandel, så har denne vist teikn til ein liten svikt.

– Det har ikkje vore same trøkket som i fjor. Black Week har ein nedgang, og det har også julehandelen så langt. Samtidig har vi att ein runde med søndagsope, og med julaftan på ein onsdag, så får vi nok mykje handel måndag og tysdag også. Ser vi Black Week og jul under eitt, så anslår eg ein nedgang på rundt fem prosent, samanlikna med 2024, seier Winther.

Styrer mot rekord

Men uansett korleis julehandelen skulle ende, så kan det ikkje rokke ved at Amfi Florø styrer mot eit rekordår.

– Sidan Dressmann, Normal og Burger King kom inn i 2024, så kan vi samanlikne tala frå i fjor med i år. Og dei viser ein omsetningsvekst på over 15 millionar, noko vi sjølvsagt er svært nøgde med, seier senterleiaren.

Han spår at Amfi Florø kjem til å ende på ei samla omsetnad på like under 350 millioner kroner i år.