Politiet fekk melding om ulykka klokka 19, og alle naudetatane rykte ut til staden.

Ulykka skal ha skjedd like utom Svåsand i retning Herand på fv. 550.

– Den eine bilen blei liggande på sida midt i vegen, som var stengd i fleire timar. Det var ikkje passasje, opplyser innsatsleiar ved Hardanger politistasjon, Svein Buer.

I alt var det tre personar involverte i ulykka, alle menn i tenåra.

Det er 80-sone på staden der ulykka skjedde, og det var store materielle skadar på bilane. Det er ikkje meld om personskadar.

– Den eine føraren har fått førarkortet sitt beslaglagd etter ulykka. Politiet meiner at han har køyrd aktlaust og forårsaka ulykka, opplyser Buer som fortel at politiet har oppretta sak.

Politiet har avhøyrt dei tre involverte og meiner dei har grei oversikt over kva som har skjedd.

– Så får me sjå kva vidare etterforsking viser, kommenterer innsatsleiaren.

Vegen blei opna att klokka 22:30 med dirigering og klokka 22:48 blei det opna for fri ferdsle.

– Det var stengd ei stund sidan ein måtte rydde og spyle i etterkant. Det var ein del lekkasje, seier Buer.