– Det har ikkje kome nye meldingar om E39 i kveld, seier Leif Helge Fjellro, trafikkoperatør på Vegtrafikksentralen.

Rundt kl. 16 var det tre trafikkulukker på strekninga Langeland-Bekkjevatnet. Etter salting har det ikkje vore fleire hendingar.

– Den einaste nye meldinga vi har fått i kveld er at det er har vore tidvis glatt på Rv. 5 i Sogndalsdalen. Den kom rundt 18.30, elles har det vore stille og roleg.


Greie forhold på fjellovergangane

Aurlandsfjellet og Sognefjellet er vinterstengd, elles er fjellovergangane mellom aust og vest opne og det er meldt om greie tilhøve.

– Einaste vegmeldinga vi har er at det er kan vere glatte parti på Rv. 52 Hemsedal. Entreprenør har strødd med sand, men dei åtvarar om at det kan vere somme stader glatt.

Det kan bli glatt ut over kvelden

Vegtrafikksentralen gir ut ei generell oppmoding om at ein alltid må tilpasse seg forholda. Det er meldt at vêret skal klarne opp, og bli kaldare. Det kan gi utfordringar det neste halve døgnet.

– Temperaturen går ned, det skal bli stjerneklart og temperaturen vil ligge i eit skummelt sjikte. Då kan det brått fryse til.

Det kan bli lokale variasjonar, men Fjellro gir ei generell oppmoding til bilistane om å ta omsyn til forholda.

– Det kan bli glatte parti på vegane. Ein må følgje med på tilhøva der ein ferdast.