Klokka 21.15 på Kaupanger stoppar patruljen frå Utrykningspolitiet (UP) ein bil.
– Der stakk både sjåfør og passasjerar av. Sjåfør vart innhenta, og det viste seg at han hadde utslag på alkohol så han vart teke med til blodprøve, seier politioverbetjent Svein Inge Harberg ved Sogndal politistasjon.
Den unge bilføraren vert meldt for fleire forhold. Ikkje berre at han hadde promille, men også at han prøvde å stikka av også.
Meir trafikk
Det skjedde meir i trafikken denne natta til søndag.
I området Ølnes/Kvam på fylkesveg 55 stoppa UP ein bil i 01.30-tida. Det viste seg at bilen hadde bruksforbod, og bilen vart avskilta.
– Så var det ein som køyrde rundt i Sogndal sentrum kring klokka 4 i natt med høg musikk på anlegget. Han fekk påbod om å skru ned musikken, og halda seg roleg resten av natta, fortel Harberg.
Elles var det stille og roleg på politifronten denne laurdagskvelden i Indre Sogn.