Saka samanfatta

  • Sverige og Noreg vurderer ein grensekryssande jernbane mellom Sälen og Trysil, utan statleg støtte.
  • Prosjektet er sett i stand av kommunar, næringsliv, Nato og EU, med fokus på offentleg-privat samarbeid.
  • Jernbanen vil styrke både turisme, næringsliv, beredskap og forsvarsevne i regionen, trur aktørane på norsk og svensk side.
  • NHO trur næringslivet vil få nytte av jernbanen, men er skeptisk til finansiering utan statleg støtte.
  • Samferdselsdepartementet har ikkje tatt stilling til prosjektet.
  • Det svenske selskapet bak prosjektet har fått positive signal frå EU og Nato, og Trysil-ordføraren er optimistisk.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

På den andre sida av riksgrensa ved skistaden Trysil, har Sälen fått god nytte av sin nye, internasjonale flyplass.

No arbeider Skandinavias største skidestinasjon med å føre togskjener til sine alpinanlegg og flyplass.

Men samarbeidet mellom næringslivet langs riksgrensa, og NATO-medlemskap, gjer at svenskane tenkjer større.

Flyplassen ved Skandinavia sitt største alpinanlegg får togline.

Men svenskane vil dra skjenene over til Noreg.

– Det store målet er at vi skal få til ein grensekryssande jernbane.

Det seier Louise Larsson, som er administrerande direktør i Destinasjon Sälenfjellet.

Louise Larsson, administrerende direktør i Destinasjon Sälenfjellet

DIALOG: Det svenske selskapet Scandinavian Mountain Railways har sett saman styret og er godt i gang med arbeidet, seier Louise Larsson i Destinasjon Sälenfjellet.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

I Sverige har dei nettopp sett saman eit selskap med eit styre, som skal jobbe med å finne den beste traséen og pengar til initiativet.

– Vi har eit håp om at nordmennene også blir med på det, seier Larsson.

Gjer jobben sjølv

– Jernbane til Trysil vil vere veldig positivt for kommunen og heile regionen.

Det seier ordførar i Trysil, Turid Backe-Viken (Ap).

Ho seier at utviklinga i verda, og verknadane for næringslivet, gjer det til ei moglegheit som er vanskeleg å seie nei til.

Turid Bache-Viken, ordfører i Trysil (Ap) i vinterlige omgivelser.

VEKST: Turid Backe-Viken, ordførar i Trysil (Ap) trur ringverknadane blir store med ein jernbane gjennom Sør-Østerdalen frå Sverige.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

Men verken ho eller svenskane meiner at statleg støtte er naudsynt for å få gjennomført prosjektet. Tvert imot.

– Dette er ikkje eit prosjekt som kan følge den tradisjonelle gangen gjennom nasjonal transportplan og bli betalt av den norske stat, seier Backe-Viken.

– Her er det Nato, EU, private investeringsfond og næringslivet som må løfte dette, i eit offentleg og privat samarbeid på begge sider av grensa.

Sel betre forsvar og beredskap

Eit av hovudargumenta for å binde saman aust og vest, er betre totalberedskap.

Backe-Viken seier at Trysil og Sälen har 100.000 turistsenger som kan bli brukte ved ei evakuering.

– Då treng ein effektiv transport. Det kan vi sjå frå Ukraina-krigen, seier Trysil-ordføraren.

Kläppen i Sälen

PLASS: Turistkommunane på svensk og norsk side av Trysil kan få naudsynt beredskaptryggleik.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

Leiar for logistikkseksjonen og oberst i Forsvarsstaben, Ståle Rudiløkken, forklarar at moglegheitene for å krysse grensa er viktig for forsvarsevna til Nato.

– I ein slik samanheng er jernbane ein effektiv og viktig komponent for å sikre ei slik evne i Norden. Jernbane mellom Sverige og Noreg har betydning for Nato si evne til å ha militærøving og operasjonar i Norden, seier Rudiløkken.

Svenske soldater ved Stockholms amfibieregimentet

NATO: Svensk medlemskap i forsvarsalliansen gjer at dei ser til Noreg for auka tryggleik.

Foto: Jonas Løken Estenstad / NRK

Samtidig er det Samferdselsdepartementet som har ansvaret for å avgjere kva for ein infrastruktur som trengst for å få god nok transport.

– Det er tett dialog mellom forsvarssektoren og samferdselssektoren som er med på å danne grunnlaget for gode prioriteringar når det gjeld å dekke behovet for transportinfrastruktur til militære formål, understrekar Rudiløkken.

NHO er skeptisk

Sør-Østerdal Interkommunale Politiske Råd (SØIPR) har sett av ein halv million til å greie ut prosjektet.

Direktør i NHO Innlandet, Jon Kristiansen, trur jernbane vil vere til god nytte for næringsliv, forsvar og beredskap.

– Viss dei klarar å fullfinansiere dette prosjektet, vil det gje positiv verknad for næringslivet, tømmernæringa og beredskapen.

På Molstad i Moelv, mangler de råstoff til det de produserer. Pål S. Tåsåsen. Produksjonssjef
Regionsdirektør NHO Innlandet Jon Kristiansen

TVILANDE: Jon Kristiansen, leiar i NHO Innlandet, trur ikkje jernbane i Trysil er lurt.

Foto: Mats Sparby / NRK

Men han er skeptisk til om aktørane får betalt for prosjektet utan staten.

Kristiansen seier òg at NHO Innlandet og Veiforum Innlandet har andre prioriteringar på samferdsel i fylket.

– Etter alle solemerke vil eit så stort prosjekt uansett krevje midlar frå staten, enten til utvikling eller til drift, seier NHO-direktøren.

– Ikkje hensiktsmessig bruk av ressursar

NRK har bedt Samferdselsdepartementet om ein kommentar i saka.

Dei er ikkje kjende med prosjektet, ifølgje statssekretær Cecilie Knibe Kroglund.

Difor har dei vanskar med å ta stilling til saka.

– Regjeringa er opptatt av gode, robuste kommunikasjonslinjer mellom Noreg og Sverige. Dette er særs viktig for å møte forsvaret sitt behov, men òg for å sørge for gode bindingar med og gjennom våre naboland, for både person- og godstransport.

Statssekretær Cecilie Knibe Kroglund i Samferdselsdepartementet

TRANSPORTPLAN: Cecilie Knibe Kroglund, statssekretær (Ap), seier forsvarets behov blir dekka i deira prioritering for samferdselsprosjekt.

Foto: Sunniva Linjord / NRK

Kroglund seier at dei forheld seg til nasjonal transportplan.

– Vi er ikkje kjende med at det vil vere eit transportbehov som inneber at det er hensiktsmessig å bruke ressursar på dette. Men vi høyrer gjerne meir om initiativet når det ligg føre konkrete vurderingar og utgreiingar som stør opp under initiativet.

Ifølgje Jernbanedirektoratet er private toglinjer i stor grad knytte til industriområde, og kan bli kopla på det offentlege rutenettet.

– Om dette kan bli gitt løyve til i dette tilfellet, kjem an på trafikk på tilkoplingsstaden og kor toget skal ende. Generelt er det krevjande å få ruteleiar inn mot dei store byane og særleg inn mot Oslo.

Det seier kommunikasjonsrådgjevar Kristian B. Helgeland i Jernbanedirektoratet.

– Realistisk optimist

På norsk side er prosjektet i veldig tidleg startfase.

Kommunane i Sør-Østerdalen har snakka med Innlandet fylkeskommune om prosjektet.

Etter kvart skal dei informere Samferdselsdepartementet og invitere dei til eit partnarskap, om dei ønskjer det.

Trysil sentrum, vinter

TIDLEG: Det er førebels ikkje kjent når eit tog kan passere Innbygda i Trysil.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

Dei skal òg legge fram prosjektet for Forsvaret i Noreg.

Ordføraren i Trysil er optimistisk så langt på at jernbanen blir ein realitet.

– Det svenske selskapet har allereie hatt mange møter med blant anna EU og Nato. Dei har fått gode tilbakemeldingar så langt. Vi er realistisk optimistiske, avsluttar Backe-Viken.

Publisert

21.12.2025, kl. 11.36