Då eg las denne essayboka første gong ho kom ut i mai tidlegare i år, likte eg ho med det same.
Sjølv om det florerer av tekstar og bøker om det å vere avhengig av skjerm og vonde algoritmar, var det noko friskt ved innfallsvinkelen til Morgenbladet-spaltist og TV- og filmkritikar Aksel Kielland.
Og sjølv om eg la den vesle boka raskt frå meg i møte med tsunamien av andre utgivingar bokåret hadde å by på, tok eg meg sjølv i å gruble over dei mest sentrale motiva og argumenta i boka dei neste månadene.
Dess lengre tid det gjekk, dess klårare vart det for meg at Kielland i denne boka har sett ord på noko heilt sentralt og akutt ved vår tid.
Skrekkfilm utan popkorn
Opninga på boka, som også er trykt på sjølve framsida, er spektakulær:
Kven er det som ikkje kan kjenne seg igjen i denne uroa?
Sannsynlegvis sit du og les denne meldinga mens du har fleire faner oppe på PC-en, eller kanskje du høyrer på musikk eller podkast mens du les på mobilen, eller du avbryt lesinga snart for å sjekke e-post eller å få inn eit kort parti sjakk på Chess.com.
NY BOK: Aksel Kielland (f. 1983) er medievitar, skribent og film- og tv-kritikar i Morgenbladet.
Foto: Forlaget Manifest
Det er godt etablert at skjermane og tech-selskapa sine algoritmar påverkar evnene våre til konsentrasjon og fordjuping.
Kielland, som er medievitar, går til skrekkfilmsjangeren for å finne nøklane vi treng for å forstå utviklinga.
Han konsentrerer seg om subsjangeren «body horror» som er kjenneteikna av eit fokus på makabre og gjerne fråstøytande kroppslege endringar.
Kielland skildrar blant anna kultklassikarane «Videodrome» og «Tetsuo: The Iron Man» og bruker dei som metaforar for korleis teknologien «påvirker oss på måter vi verken er i stand til å forstå eller kontrollere».
BODY HORROR-LEGENDE: Filmen «Videodrome» av David Cronenberg (biletet) handlar om eit TV-program som viser både tortur og drap, men også inneheld eit skjult signal som får ein unik form for hjernesvulst til å vekse fram hos sjåarane. Svulsten fører dessutan til hallusinasjonar, og forvandlar verda gradvis til eit marerittlandskap.
Foto: Damian Dovarganes / AP / NTB
«The usual suspects»
Kielland kvervlar opp ei rekke tenkarar og forfattarar for å diagnostisere kulturen vår.
Dei som har lese andre bøker med tilsvarande kulturkritikk vil kjenne igjen namn som Neil Postman, Mark Fisher og ikkje minst Marshall McLuhan.
Sistnemnde kom med oppsiktsvekkande relevante profetiar allereie på 50- og 60-talet med slagord som «The medium is the message» og skildra kultursjokket og den nomne kjensla menneske blir utsette for i møte med ny teknologi.
Kiellands bruk av tenkjarane er fruktbar, og den Slavoj Žižek-aktige måten han koplar dei opp mot filmane gir ikkje berre nye innsikter, men svært slåande og treffande bilde.
Eit av hovudpoenga til Kielland er korleis smarttelefonar med deira appar og sosiale medium påverkar brukarane ideologisk.
Privatpersonar tenkjer litt meir som bedriftar og både bevisst og ubevisst siver kapitalistisk marknadstenking inn på alle område i livet. Vi har blitt besette heilt ned på eit kroppsleg nivå, ifølgje Kielland.
MARSHALL MCLUHAN: Han føresåg at elektroniske medium ville gjera verda mindre, slik at me alle vart involverte i kvarandre sine liv umiddelbart, på tvers av landegrenser. Og slik har det jo liksom blitt med sosiale medium.
Foto: JOHN LINDSAY / AP / NTB
Forfattaren nyttar skrekkfilmsjangarens overdriving til å tydeleggjere argumenta.
I glimrande passasjar viser han korleis det moderne mennesket blir transformert i fire fasar frå «bingemennesket» som «bingar» TV-serier, til det såkalla «innhaldsmenneske» som til og med ser seg sjølv først og fremst som innhald til bruk på sosiale medier.
For Kielland er omgrepet «innhald» i mediesamanhang ein del av det han ser som ei svært destruktiv og nærast totalitær utvikling: «Innholdsbegrepet forflater og relativiserer verdien og betydningen av alt det brukes om, til de opprinnelige kontekstene smuldrer opp og mister sin betydning».
Ei god investering
Kiellands kritikk er resignert, og i tråd med tenkinga som kjem fram i Fishers «Den kapitalistiske realismen», ser han lite håp i enden av tunnelen.
Det merkelege er at sjølv om boka er dyster, gir ho likevel ei form for trøyst, sannsynlegvis fordi skildringane skaper gjenkjenning.
Det er typisk for boka at filmane Kielland har valt seg ut, stort sett er smale kultfilmar. Det kler tonen og stilen i ei bok som ikkje er redd for å krevje ein heil del av lesaren.
Den intellektuelle tankekverna som Kielland utset lesaren for er stimulerande, men står også i fare for å verke gjentakande her og der. Nokre stader kunne boka ha tent på ein klarare struktur der hovudpoenga i større grad blei løfta opp.
INNHALD: Aksel Kielland lanserer omgrepet «innhaldsmennesket» i boka «Besatt».
Foto: Pablo Martinez Monsivais / AP / NTB
Men i det store og heile er boka eit døme på at å sette seg stille ned og lese i ei bok, og omstendeleg følge tankerekkene til forfattaren, noko som i dette tilfellet krev ein heil del samanhengande konsentrasjon, kan gje god avkasting, for å bruke ein økonomisk metafor som Kielland sikkert ville forakta.
Om boka
Tittel: «Besatt – Om hvordan den digitale kapitalismen invaderte menneskekroppen»
Forfattar: Aksel Kielland
Kategori: Sakprosa
Sider: 187
Utgitt: 2025
Forlag: Manifest
Publisert
22.12.2025, kl. 12.14