– Å nå 1 million reisande i løpet av eitt år er ikkje berre ein milepæl for oss, det syner også kor viktig bana er for reiselivsnæringa på Vestlandet og for det norske turisttilbodet generelt, seier dagleg leiar i Flåmsbana AS, Sivert Bakk i ei pressemelding.

Søndag føremiddag steig det unge ekteparet Tanisha og Mehmet Topalhasan om bord i Flåmsbana på Myrdal. Lite visste dei då at nede i Flåm venta tilsette i Flåmsbana AS med den hyggelege overraskinga om at dei var reisande nummmer 1 million.

– Dette var ei stor, men veldig hyggeleg overrasking for oss, seier dei i pressemeldinga.

Sa opp jobbane

Det unge ekteparet som er frå Melbourne i Australia sa opp jobbane sine, selde hus og bil for å reisa på ei tidsubestemt reise rundt i verda. Tilfeldigheitane ville det slik at dei akkurat denne søndagen tok turen til Flåm og Flåmsbana.

– Noreg og spesielt Nord-Noreg og Vestlandet har alltid vore på «bucket»- lista vår. Me har vore seks veker i nord, der me blant anna har delteke i eitt frivilligheitsprogram og jobba for kost og losji. Me kom til Bergen for eit par dagar sidan og er no på dagstur til Flåm.

Flåmsbana er ei 20 km lang jernbanestrekning med ein høgdeforskjell på 865 meter og går frå Flåm til Myrdal.

– Me er stolte av dette resultatet og ser fram til vidare satsing for å gi enda betre opplevingar til alle som kjem til Flåm, seier Bakk.