– Politi og brannvesen har rykka ut til melding om ein person på surfebrett som så ut til å slite i kraftig vind og bølger i Trondheimsfjorden, opplyser operasjonsleiar Trond Volden.
Klokka 15.35 fortel Volden til NRK at aksjonen er avslutta utan at dei har funne spor etter ein surfar verken i vatnet eller på land.
– Det antas at vedkommande surfar har kome seg trygt til land.
Søkte med redningsskøyte og vasscooterar
Politiet blei klokka 14.37 kontakta av ein turgåar som fortalde at dei hadde sett ein person på eit surfebrett som hadde problem på fjorden.
Politiet kontakta Hovudredningssentralen som sette i gang eit søk.
Jonas Andersen ved Hovudredningssentralen fortalde at brannvesenet gjorde søk på staden med to vasscooterar.
– Men vi kan verken bekrefte eller avkrefte at det faktisk er ein surfar i området, fortalde Andersen.
Også ei redningsskøyte blei kalla ut for å søke på fjorden. Politiet søkte frå land.
– Vi vil også undersøke dei kjente områda der dei kjem i land, fortel Andersen.
Ingen meldt sakna
Dersom nokon har vore på fjorden og surfa og kan vere den personen som har blitt observert, ønska politiet at dei tok kontakt, fortalde operasjonsleiar Trond Volden.
– Det presiserast at ingen er sakna, aksjonen er berre starta på grunn av ein observasjon frå land.
Publisert
25.12.2025, kl. 15.15
Oppdatert
25.12.2025, kl. 16.03