Ein bil med fem personar, av desse tre born, velta på E39 ved brannstasjonen på Os i Bjørnafjorden første juledag. Ingen andre køyretøy var involverte. Alle i bilen var uskadde, men var ein tur på legevakta etter hendinga. Det er 70-sone på staden.
Uhellet skal ha skjedd under innkøyring til motorvegen, der bilen skal ha køyrt utfor og landa på Halhjemsvegen.
– Ingen mistanke om påverknad på bilførar, melder operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt.
Ifølgje 110 Vest vart bilen liggande på sida i vegbana. Sørgåande retning var ein periode stengd som følgje av uhellet.
Bilen er like før klokka 13 køyrd vekk, og vegen opna for fri ferdsle. Politiet opprettar sak.