Saka oppsummert:
- Rundt 10 % av kvinner opplever fødselsdepresjon, men mange kunne blitt fanga opp tidlegare.
- Modertreet Trygg mamma er eit nytt tilbod som samlar gravide i grupper for å førebygga psykiske vanskar.
- Prosjektet legg vekt på deling av erfaringar, fellesskap og praktiske verktøy for å handtera utfordringar.
- Tilbodet er allereie i bruk i kommunar som Tysnes og Bømlo, med positive tilbakemeldingar.
- Frå 2026 skal vidareutdanning for helsepersonell innan svangerskapsomsorg bli tilgjengeleg.
- Psykisk helse i svangerskap og barseltid må prioriterast på lik linje med fysisk helse.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
– Dei aller, aller fleste kunne ha blitt fanga opp mykje tidlegare, seier psykologspesialist Susanna Heggland, som driv praksis på Tysnes i Sunnhordland.
Rundt ei av ti kvinner får fødselsdepresjon. Tala frå FHI dekker alt frå milde til meir alvorlege tilfelle.
Heggland har utarbeidd ein ny metode for å førebygga psykiske vanskar.
I Modertreet Trygg mamma blir gravide samla i grupper, for å lufta tankar og erfaringar. Og læra seg verktøy for å førebygga og handtera stormar som måtte koma.
Litt som barselgrupper, men før babyen kjem og alt blir endå meir overveldande.
Mødrer med erfaringar
På ein kafe i Våge på Tysnes sit fire kvinner som alle har deltatt i pilotprosjektet. Alle har hatt tøffe møte med anten graviditet, fødsel eller begge delar.
Maren Leite og Rebekka Restad Rabben deltok i pilotprosjektet Modertreet – Trygg mamma på Tysnes. Sønene på 1 år går no i barnehage, men mødrene møtest framleis jamnleg.
Foto: Eli Bjelland / NRK
Maren Leite er mamma til to gutar på to og eitt år. Ho har blant anna opplevd heftige fødslar, som første gongen enda med akutt keisarsnitt.
– Det var ikkje før etter at eg fekk førstemann, at eg skjønte kor viktig det er å kunna meir, for å førebu seg på barseltida.
– Hadde eg hatt verktøy og eit slikt fellesskap den gongen, hadde det gitt meg eit betre utgangspunkt for å takla det som skulle koma, meiner Leite.
Rebekka Rabben Restad har også to søner. No er ho gravid igjen og ventar ei jente. Då ho gjekk gravid første gongen, mista ho to familiemedlemmer og var i sorg.
– Det var beintøft. Eg var allereie nedstemt og deprimert før eg fekk ungen, og det prega mykje av den første tida, seier Rabben.
– Eg fekk nok litt hjelp, men skulle hatt tettare oppfølging. Ei gruppe som Modertreet hadde vore ein god plass å dela tankar og erfaringar den gongen. For å kjenna seg mindre åleine.
Maren Leite og Rebekka Rabben Restad deltok i ei pilotgruppe for Modertreet for nybakte mødrer. Kristi Pedersen Madsen og Henriette Vevatne Lunde gjekk saman på Modertreet Trygg Mamma som gravide. Dei har alle halde kontakten etter at sønene kom til verda.
Foto: Eli Bjelland / NRK
Vil ut til så mange kommunar som mogleg
Tysnes gav tilbod til gravide og kvinner i barsel om Modertreet-gruppe hausten 2024. Kommunen stod då utan eiga jordmor, men har no jordmor tilsett i full stilling igjen.
Erfaringane og tilbakemeldingane på Modertreet-kursa har vore positive.
– Målet er at kommunen sjølv skal tileigna seg kunnskap/opplæring til å driva svangerskaps- og barselgrupper i tråd med Modertreet-modellen i løpet av 2026, seier Ingvild A. Hustad, som er einingsleiar for helsefremjande og førebyggande tenester.
Modertreet er både ein modell og ein metode for å jobba førebyggande i graviditet og barseltid.
Foto: Eli Bjelland / NRK
I Bømlo kommune har dei også integrert tilbodet som ein del av svangerskapsomsorga. Der blir det no halda fortløpande kurs for gravide.
Frå våren 2026 startar Modertreet også vidareutdanning for personar i heile landet som jobbar med gravide og kvinner i barsel.
Prosjektet er støtta av Stiftelsen Dam og utvikla i samarbeid med Mental Helse.
Fakta om prosjektet Modertreet:
Foto: Eli Bjelland / NRK
- Ein modell og metode for å jobba med den psykiske vekstprosessen når kvinner blir mødrer.
- Modertreet Trygg Mamma er gjennomført i to kurs i Tysnes kommune og blir fortløpande arrangert også i Bømlo kommune, der gravide blir inviterte med.
- Blir gjennomført i fem modular frå rundt veke 25 i gravidteten. Kvar modul har ein teoretisk og praktisk del.
- Skal gi innsikt i prosessen rundt graviditet og barsel, og gi verktøy til å takla utfordringar som kan koma.
- Kurset følgjer kvinnene i graviditeten og etter fødsel for å ramma inn familiane i den mest sårbare tida (tredje og fjerde trimester).
- Inkluderer partnar og har eit familiefokus i møte med psykiske vanskar i denne perioden.
- Frå våren 2026 startar Modertreet også videreutdanning for dei som jobbar med gravide og kvinner i barsel.
- Målet er at fleire kommunar skal ta i bruk modellen.
- Prosjektet er støtta av Stiftelsen Dam og utvikla i samarbeid med Mental Helse.
Kjelde: Modertreet / Susanna Heggland
– Fleire kvinner må få støtte
Ei prosjektgruppe skal koma med innspel og evaluera kursa.
Der er blant andre jordmor Gro Versto Larsen med. Tidlegare har ho fortald om korleis det er å oppleva alvorleg fødselsdepresjon.
Larsen har ei dotter på snart fire år og ein son på fem månader. I begge graviditetane blei ho så sjuk at ho måtte ha ECT-behandling etter fødsel.
Ho trur ikkje at sjukdomen kunne ha vore forhindra, men at ho kunne ha blitt plukka opp tidlegare viss ho var del av ei gruppe i graviditeten.
– Eg var veldig opptatt av at ingen skulle vita noko, men eg kom jo med små drypp som ein kunne ha stilt spørsmål ved. Det kunne blitt oppdaga viss dei var litt merksame.
Graviditet og barseltid er det tidspunktet i livet kvinner har størst risiko for psykisk uhelse. Likevel er det for lita tid for helsepersonell å prioritera dette, ifølgje jordmora.
Ho håpar fleire kommunar no får oppretta grupper for gravide.
– Draumen er at Modertreet blir ein naturleg og integrert del av svangerskapsomsorga. Psykisk helse må sidestillast med fysisk helse, og fleire kvinner må få støtte før dei kjem til eit punkt der dei verkeleg slit.
Gro Versto Larsen jobbar som jordmor på Stord sjukehus. Ho engasjerer seg også stort for den psykiske helsa til gravide og mødrer etter å ha opplevd alvorleg fødselsdepresjon.
Foto: Eli Bjelland
Hugsar erfaringar får andre mødrer
– Mødrer høyrer på andre mødrer. Det er ikkje nødvendigvis det eg seier som psykolog som blir hugsa i møte med gravide, men det man seier som mamma.
Psykologspesialist Susanna Heggland har vidareutdanning i perinatal mental helse.
I arbeidet med Modertreet har ho møtt og snakka med mange kvinner som har utvikla ein del vanskar, og partnarane deira.
– Dei opplever at dei har fått for lite kunnskap, og at dei har vore veldig åleine med det dei har strevd med heilt frå graviditet og etter fødsel.
– Det er eit paradoks, når me veit at psykiske vanskar er den vanlegaste komplikasjonen i svangerskap og barseltid. Det å kopla på erfaringar andre kvinner har, trur eg er nøkkelen til å jobba førebyggande, seier Heggland.
På kafeen i Våge håpar dei at Tysnes kommune vil halda fram med kurs for gravide.
– Det er mykje meir kostbart for samfunnet å driva brannsløkking i staden for å jobba proaktivt og førebyggande mot fødselsdepresjon, meiner Maren Leite.
Kristi Pedersen Madsen og Henriette Vevatne Lunde gjekk saman på Modertreet Trygg Mamma som gravide, og har hatt godt utbytte av kurset.
Foto: Eli Bjelland / NRK
Publisert
26.12.2025, kl. 14.49